Hopp til innhold

Mor og dotter måtte flykte frå leilegheita si i Kyiv i natt

Kyiv blei treft av missil frå fleire hald i natt, og angrepa skal vere særleg omfattande. Det er det åttande angrepet så langt i mai i hovudstaden.

Kyiv i Ukraina ble angrepet av flere missiler og droner natt til tirsdag. De leste objektene ble skutt ned av ukrainsk luftvern. Sabina Musina og datteren måtte flykte fra leiligheten deres midt på natten.

Sabina Musina og dottera måtte flykte frå leilegheita deira i Kyiv i natt.

– Eg vekte dottera mi og løpte i dekning. Eg ber og håpar, seier Sabina Musina til NRK.

Ho bur i Kyiv, og våkna i natt av dei høge eksplosjonane. Ifølge Musina er det stille i Kyiv no.

Russland har angripe frå både nord, sør og aust, med både dronar, kryssarrakettar og mogleg ballistiske rakettar, ifølge forsvarssjefen i Ukraina, Valerij Zaluzjnyj.

Nye angrep i Ukraina 16.mai 2023

Fleire køyretøy tok fyr etter angrepa i natt.

Foto: Pavlo Petro

Alle missila skal ha blitt skote ned av det ukrainske luftforsvaret. Det har ført til fleire brannar rundt om i byen.

Forsvarsministeren i Ukraina kallar nedskytinga av rakettane for ein utruleg sukess.

Angrep frå fleire hald

– Angrepet var usedvanleg konsentrert med maksimalt tal rakettar på kortast mogleg tid, melder leiaren for militæradministrasjonen i Kyiv, Serhij Popko, på Telegram.

Tre personar blei såra i angrepet, ifølge borgarmeister i Kyiv, Vitalij Klitsjko.

Ein stor bygning skal ha blitt øydelagt, i tillegg til at fleire bilar tok fyr og vrakrestar fall ned over ein dyrepark.

INSTITUTE FOR THE STUDY OF WAR AND AEI'S CRITICAL
THREATS PROJECT / NRK (Oppdatert 16.mai.2023)
Foto: INSTITUTE FOR THE STUDY OF WAR AND AEI'S CRITICAL THREATS PROJECT

Zelenskyj på Nato-turné

Ukrainas president Zelenskyj har besøkt ulike Nato-land dei siste dagane.

Zelenskyj besøkte statsminister Rishi Sunak i Storbritannia i går, som annonserte at dei ville gi «hundrevis» av luftvernmissil og langtrekkande dronar til Ukraina.

Tidlegare har han vore i Italia, Tyskland og Frankrike.

President Zelenskyj og statsminister i Storbritannia, Rishi Sunak.

Statsminister i Storbritannia, Rishi Sunak, lova å gi meir våpen til Ukraina.

Foto: Reuters

I ei videohelsing frå eit tog sa Zelenskyj at han har sikra meir vern for det ukrainske folket:

– Vi kjem heim med ny militær hjelp, nyare og kraftigare våpen for fronten, meir vern for folket vårt.

Den britiske statsministeren lova Zelenskyj langtrekkande kryssarrakettar og dronar.

Dei vil også trene opp ukrainske pilotar til å fly jagarfly.

I starten av mai møtte presidenten opp på det nordiske toppmøtet i Finland, kor Nordens vidare støtte til Ukraina blei diskutert. Noreg har vedteke å gi 75 milliardar til Ukraina over fem år.

Ukrainske Musina har valt å bli att i heimlandet, på tross av at landet hennar er i krig.

– Det er krig her kvar dag, men det er mitt val å bli her. Eg vil hjelpe landet, borna og vente på brødre frå krigen, seier Musina.

Hør også:

SISTE NYTT

Siste meldinger