- Dette er eit klart brot med Bush-administrasjonen sin politikk, seier utanriksmedarbeidar i NRK, Jan Espen Kruse.
Han har tidlegare vore korrespondent både i Moskva og i Washington.
SJÅ VIDEO MED KRUSE HER:
I ettermiddag har talsmenn både for Polen og Tsjekkia stadfesta at dei har fått melding frå Det kvite hus om at planane for eit rakettskjold er lagde bort, iallefall for no.
Iran-program
Det var den amerikanske storavisa Wall Street Journal som i dag melde at Obama-adminitrasjonen kjem til å droppe rakettskjoldet. Årsaka skulle vere at Iran si utvikling av langtrekkjande rakettar ikkje har hatt så stor framgang som ein tidlegare trudde, og at dette reduserer risikoen for det amerikanske kontinentet og europeiske hovudstader.
USA meiner Iran no satsar meir på kort- og mellomdistanserakettar, og seier dei vil justere rakettskjold-planane etter dette.
Tidlegare president George W. Bush gjorde det klart at planane om eit rakettskjold ikkje var retta mot Russland, men mot ein mogleg trussel frå røvarstatar som Iran og Nord-Korea.
Etter planen skulle det amerikanske rakettskjoldet plasserast i Polen og Tsjekkia.
Trussel mot Russland
Russiske styresmakter trudde aldri på dette, og såg på rakettskjold-planane som ein trussel mot Russland. Det førde igjen til at landet trua med å utplassere langtrekkjande Iskander-rakettar i den russiske enklaven Kaliningrad, som ligg inneklemd mellom dei to NATO-landa Polen og Litauen.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Det var Barack Obama som bad om ein brei gjennomgang av dei amerikanske planane om eit rakettskjold i Europa. Wall Street Journal skriv at denne gjennomgangen kan vere ferdig så tidleg som i neste veke.
Etter planen skulle USA plassere ut avskjeringsrakettar i Polen, medan eit stort radaranlegg skulle leggjast til Tsjekkia.