Hopp til innhold

USA kan stenge ned – kva betyr det?

Natt til søndag er frist for å bli einige om neste års statsbudsjett. Men blir ikkje Representanthuset einige, kan to millionar statleg tilsette bli permitterte – utan løn og på uviss tid.

kevin McCarthy omringa av amerikansk presse. Han står i dress og snakkar.

EIN PRESSA MANN: Leiar for Representanthuset, Kevin McCarthy, har amerikansk presse retta mot seg desse dagar.

Foto: BRENDAN SMIALOWSKI / AFP

Innan 1. oktober må republikanarar og demokratar i Representanthuset bli einige om kor mykje pengar dei ulike offentlege etatane skal få bruke, og på kva.

Men dei lærde stridast på republikansk side, og blir ikkje einige.

Under eit døgn før fristen går ut, ser det ut til at USA går inn i eit nytt budsjettår utan noko budsjett. Dette vil føre til ei føderal nedstenging.

zelenskyj og biden. biden snakkar inn i øyret til zelenskyj og smiler.

USA er det landet som har gitt mest økonomisk støtte til Ukraina sidan krigen braut ut. Konservative republikanarar ønsker å redusere støtta.

Foto: Evan Vucci / AP

Tidlegare i år møtte president Joe Biden leiaren for Representanthuset, republikanaren Kevin McCarthy. Dei diskuterte korleis USA kan minske gjelda si, i tillegg til å halde økonomien gåande.

Dei la så fram eit forslag til budsjett, og blei einige om å kutte 1500 mrd. dollar i statsbudsjettet i løpet av ti år.

Men republikanarane, som har fleirtal i Representanthuset, er ueinige i dette forslaget. Dei konservative republikanarane ytst til høgre vil nemleg kutte med 120 mrd. dollar til.

Oppgitte leiarar

– Dette er eit heilt nytt konsept, med individ som ønsker å brenne heile staden ned. Det fungerer ikkje, sa ein frustrert McCarthy førre veke, ifølge The Guardian.

Også leiar for Demokratane i Representanthuset, Hakeem Jeffries, var oppgitt:

– Republikanarane i Representanthuset held fram med å bli halde fanga av dei mest ekstreme element, og det skadar det amerikanske folket.

kevin mccarthy snakkar med pressa. har på dress og gestikulerer.

Leiar for Representanthuset og republikanar Kevin McCarthy ber sine med-republikanarar ytst til høgre instendig om å signere budsjettforslaget.

Foto: CRAIG HUDSON / Reuters

Etter at forslaget er godkjent av Senatet, skal det bli sendt for ei siste godkjenning av presidenten sjølv:

– Eg er førebudd på å gjere min del, men Republikanarane i Representanthuset nektar. Dei nektar å stå opp mot dei ekstreme i partiet. Så no, må alle i USA betale prisen, sa Joe Biden i eit fråsegn på X/Twitter.

Prøvde å kjøpe seg tid

McCarthy kom med eit forslag til ei midlertidig finansieringlov som vil halde statsapparatet ope til 31. oktober, slik at Representanthuset kan kjøpe seg litt tid for å blir einige. Men lovforslaget blei blokkert av republikanarar fredag, eit døgn før fristen går ut.

Kva skal dei bli einige om?

12 ulike budsjettvedtak, samla i eit statsbudsjett. Dei må bli einige om alle desse for at finansieringa av staten skal vere sikra framover.

Kvifor blir dei ikkje einige?

Ei lita gruppe republikanarar i Representanthuset meiner Biden-administrasjonen brukar alt for mykje pengar. Dei ønsker å kutte i bestemte delar av statsbudsjettet. Dei vil mellom anna ikkje vedta ein ny finansieringspakke for våpenleveransane til Ukraina.

Det er også sterk misnøye kring det føderale byråkratiet og pengebruken i Washington i store delar av det republikanske partiet. Eit hovudprosjekt for Donald Trump er å kjempe mot det han kallar «sumpen», som han og tilhengarane hans meiner er overbetalte departementstilsette og andre byråkratar som blir sittande for lenge i jobbane sine.

Har dette skjedd før?

Ja. På ti år har dette skjedd fire gonger. Dei fleste skal ha vart i ein dag eller to. Men førre gong det skjedde, mellom desember 2018 og januar 2019, varte nedstenginga i over ein månad.

Kven blir ramma?

Det er estimert at kring to millionar amerikanarar kan bli ramma av ei nedstenging:

  • 800.000 sivilt tilsette i militæret kan bli permitterte.
  • Sivile rettssaker vil bli utsett.
  • Statlege forskingsbyrå vil bli ramma.
  • Museum og nasjonalparkar.
  • 10.000 låginntektsfamiliar kan miste tilgang til førskule.
  • Kontroll av farleg avfall og drikkevatn kan bli forsinka.
  • Føderale lån til mindre bedrifter vil stanse.
  • Utbetaling av statleg støtte vil bli forsinka, som uførekrav.
  • Store prosjekt innan infrastruktur kan bli sett på vent.

Kjelde: Reuters

Korleis kan det bli løyst?

Politikarane har to moglegheiter.

Dei kan vedta ein kortsiktig finansieringspakke for å halde staten open. I Senatet er det fleirtal for dette, men dei bli stoppa av Representanthuset.

Moglegheit nummer to er å forhandle om budsjettet til dei blir einige, eller få hjelp av Demokratane til å få eit nødvendig fleirtal. Men det er ikkje mogleg utan at bevillinga til Ukraina er med.

Kva kan det ha å seie for amerikansk økonomi?

Dersom nedstenginga blir langvarig, kan den bli svært skadeleg for amerikansk økonomi.

Økonomien er sårbar, med høg prisstiging og høge rente akkurat no. Ei nedstenging vil bremse den økonomiske aktiviteten i staten kraftig.

Ein del utbetalingar frå mottakarar av ulike velferdsgode vil også stanse opp, og permitterte føderalt tilsette kan slite med å møte sine økonomiske forpliktingar.

Kva er ytste konsekvens, viss dei verkeleg ikkje blir einige?

Det er svært fastlåst og store moglegheiter for at det blir ei nedstenging denne gongen.

Opprørarane blant Republikanarane truar også med å avsette Kevin McCarthy, leiaren i Representanthuset og den tredje mektigaste politikaren i USA, etter presidenten og visepresidenten.

Alt dette gjer no USA til eit ustabilt land. Dette kan ramme kredittverdigheita og tilliten til den amerikanske økonomien.

Høyr også:

SISTE NYTT

Siste nytt