NRK Meny

Uroa for at Norge blandar roller i Myanmar

YANGON (NRK): Det norske kongeparet er på plass i Myanmar. I morgon startar statsbesøket. – Det er viktig at Norge ikkje blandar business med bistand og fredsbygging, seier Norsk Folkehjelp.

Det norske kongehuset på besøk i Myanmar.

SE VIDEO: Barn av nordmenn som bur og arbeider i Yangon helsa kongeparet velkomne til Myanmar i kveld, lokal tid. Kongen og dronninga fekk teikningar av kongar og prinsesser og slott og kvitterte med engasjerte samtaler med barna. Foto: Henrik Myhr Nielsen.

Artikkelen er mer enn to år gammel.

Barn av nordmenn som bur og arbeider i Yangon helsa kongeparet velkomne til Myanmar i kveld, lokal tid. Kongen og dronninga fekk teikningar av kongar og prinsesser og slott og kvitterte med engasjerte samtaler med barna.

Kongeparet kom til Yangon søndag ettermiddag, eit par timar seinare var dei klare for middag hos den norske ambassadøren, Ann OIlestad.

Ho skal følgje kong Harald og dronning Sonja dei fem dagane dei er i Myanmar.

– Må vere vasstette skott mellom bistand og næringsliv

Fredsprosessen og demokratiutvikling står høgt på agendaen, men det gjer også business. Ein næringslivsdelegasjon på 72 personar frå 40 bedrifter er ein del av statsbesøket.

Emil Jeremic

– Det har vore ei uro det kan oppfattast som om Norge blandar rollene, seier Emil Jeremic, Norsk Folkehjelp sin representant i regionen.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Det har vore ei uro det kan oppfattast som om Norge blandar rollene, seier Emil Jeremic, Norsk Folkehjelp sin representant i regionen.

– Eg har aldri hevda at Norge blandar rollene, men ein må vere veldig opptekne av kommunikasjon om dette. Det må vere vasstette skott mellom bistand, fredsbygging og næringsliv, seier han.

Møter Aung San Suu Kyi

Det må innleigd fly til for at kongeparet skal rekke alle avtalene sine i Myanmar denne veka. I morgon reiser dei til Naypyitaw, hovudstaden militæreregime bygde rett før det diktaturet vart lagt vekk og landet opna opp.

Der blir dei tekne imot i det enorme presidentpalasset av president Sein Thein, den tidlegare generalen som har sagt han skal føre landet i ei meir demokratisk retning.

Seinare skal dei til parlamentet der dei møter ein annan sterk person i Myanmarsk politikk, parlamentspresident Schwe Mann.

I meir sivilie omgjevnader, på eit hotell i hovudstaden skal kongeparet i morgon ettermiddag møte the Lady Aung San Suu Kyi.

Åtvarar mot at politikk forsvinn i norsk PR

Tysdag taler kong Harald om demokrati for studentar og inviterte i Universitetet Yangon.

Audun Aagre

– Dei må balansere næringsliv og samarbeid med eit politisk press for å skape eit demokrati, seier Audun Aagre, dagleg leiar i Burmakomiteen.

Foto: NRK

For kort tid sidan stod president Barack Obama på same talarstol. Der uttrykte han uro for at demokratiprosessen i landet har stoppa opp.

Det er ei uro også norske kjennarar av landet deler. Burmakomiteen åtvarar mot at politiske spørsmål forsvinn i iveren etter å fremje norsk næringsliv.

– Dei må balansere næringsliv og samarbeid med eit politisk press for å skape eit demokrati, seier Audun Aagre, dagleg leiar i Burmakomiteen.

– Vi må hugse at Thein Sein, presidenten, var statsminister under safranrevolusjonen i 2007 der munkar blei skotne og drepne. Dagens regjering er ei vidareføring av regiment like mykje som starten på ein demokratisk prosess, seier Aagre.

På trampen av statsbesøket er det færre politiske dilemma og fleire opplevingar for kongeparet.

I byen som er venta å bli ein turistmagnet, Bago, skal dei sjå dei 3100 pagodane som ligg spreidd utover landskapet. Så tek dei elvebåten oppover mot Mandalay der besøket blir avslutta fredag.

Kongeparet i Myanmar

Tysdag taler kong Harald om demokrati for studentar og inviterte i Universitetet Yangon.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt