Hopp til innhold

Ungarn klare til å stenge grensa

Den ungarske nasjonalforsamlinga vil fredag behandle forslaget om å stenge Ungarn si grense mot Serbia for flyktningar og migrantar. Etter alt å dømme, blir det vedteke.

Viktor Orban

Statsminister i Ungarn, Viktor Orbán seier at dei ikkje vil mjuke opp flyktningpolitikken.

Foto: THIERRY CHARLIER / Afp

Planen er å halde oppe soner ved grensa der dei mange tilreisande skal haldast tilbake inntil papira deira er sjekka, eventuelt vil dei bli sende tilbake til Serbia.

Ungarn kan ikkje oversjå Schengen-reglane i saksbehandlinga, seier statsminister Viktor Orbán.

I Schengen-reglane står det at menneske utan gyldig innreiseløyve ikkje kan reise inn i det passfrie Schengen-området.

Pike løftes over piggtråd

Ei lita jente vert løfta over piggtrådgjerdet som er sett opp på grensa mellom Ungarn og Serbia. No kan grensene verte fullstendig stengt.

Foto: Laszlo Balogh / Reuters

– Flyktningstraumen er endelaus

Orban seier at Ungarn ikkje vil mjuke opp flyktningpolitikken og åtvarar mot at europearar kan ende i mindretal på sitt eige kontinent.

– Vi må beskytte grensene våre, viss ikkje kan vi ende opp som ein minoritet på vårt eige kontinent, sa Orban til ungarsk radio fredag.

Han seier at Europa er truga av ein massiv flaum av menneske. Titals millionar kan kome hit. Vi snakkar no om hundretusenar, men neste år kan det vere millionar. Og det er ingen ende på det, sa han.

Kjempegjerde

Til saman skal gjerdet bli 175 kilometer langt. Det skal også bli dobbelt. Først skal flyktningane møte halvannan meter med sylskarp piggtråd.

Deretter vil dei stå framfor eit fire meter høgt ståltrådgjerde.

Ungarske står håper at dette vil vere nok til å stanse det svært store mengda flyktningar som kjem via landa på Balkan.

Må registrerast

Flyktningane på jernbanestasjonen i Budapest må registrerast før dei reiser vidare, seier Orban.

Han seier at dei fleste av flyktningane ønsker seg til Tyskland, men at Ungarn ikkje utan vidare kan sleppe dei gjennom for då risikerer dei at Austerrike stenger grensa.

– Om Tyskland gir dei visum, kan vi sleppe dei igjennom, sa Viktor Orbán.

SISTE NYTT

Siste nytt