Hopp til innhold

Atom-krater blir verdsarv

UNESCO si liste over verdas natur- og kulturarv har vakse ytterlegare med 21 nye bidrag. Ein av nykommarane er Bikiniatollen.

Med sine store krater etter prøvesprenging av kjernefysiske våpen, har Bikiniatollen no fått plass på UNESCO si liste over stader som er verdt å ta vare på for kommande generasjonar.

Bikiniatollen består av totalt 36 øyer og tilhøyrer Marshalløyene, ein øystat i Stillehavet. Badeplagget bikini har fått namnet sitt frå dei eksplosive Stillehavsøyane.

Øy pulverisert av bombe

Den første amerikanse hydrogenbomba går av i Stillehavet (1952)

Den første amerikanse hydrogenbomba går av i Stillehavet (1952).

Foto: STR / AFP

Det var i kjølvatnet av andre verdskrig, i perioden 1946-58 at amerikanske styresmakter gjennomførte i alt 23 prøvesprengingar over Bikiniatollen. I 1954 vart hydrogenbomba med kodenavnet Bravo detonert.

Bomba eksploderte med ei slik kraft at måleinstrumenta slutta å fungere. Bomba tilsvarte i sprengkraft 15 millionar tonn med TNT eller 750 Hiroshimabomber.

Eksplosjonen vart mykje kraftigare enn vitskapsfolka hadde trudd på førehand, og ei av øyane ved Bikini blei fullstendig pulverisert.

Gigantisk krater

Øybebuar får legesjekk Bravo-eksplosjonen

Ein ung øybebuar får legesjekk etter å ha vorte utsett for radioaktiv stråling. Biletet er teke nokre veker etter at hydrogenbomba Bravo gjekk av utanfor Bikiniatollen

Foto: ATOMIC ENERGY COMMISSION / AFP

Dette var den andre testen av hydrogenbomber i området. Krateret Bravo laga var 75 meter djupt og 1800 meter i diameter.

Både eksplosjonane i seg sjølv og den radioaktive strålinga som fulgde har hatt katastrofale følger for både menneske,dyreliv og natur i området.

Ifølgje UNESCO står den vakre Bikiniatollen med si historie som eit paradoksalt

Korallrevet veks igjen kring Bikiniatollen

Korallen blomstrar igjen i Bravo-krateret ved Bikiniatollen, 56år etter at hydrogenbomba eksploderte her.

Foto: HO / REUTERS

bilete på eit fredeleg paradis.

Totalt står 911 stader, byggverk og landskap, ruiner og kunstskattar verda over no på UNESCO si prestisjetunge liste over verdsarva .

Les også: Femundshytten blir verdensarv

Forutan Marshalløyene får også Kiribati og Tadsjikistan sine første bidrag på verdsarv-lista.

Den nye verdsarva

Ny i kategorien blanda arv (kultur/natur):

Nye i kategorien kulturarv:

Nye i kategorien naturarv:

SISTE NYTT

Siste nytt