Hopp til innhold

Ukrainsk jagarflypilot om F-16: – Det gir oss moglegheit til å overleve

Den ukrainske jagarflypiloten Juice trur nye kampfly er det beste alternativet til Ukraina no.

PÅ VINGENE: Juice har i over ti år floge det sovjetiske kampflyet MiG-29.

PÅ VINGANE: Juice har i over ti år floge det sovjetiske kampflyet MiG-29.

Foto: PRIVAT

Juice sit vanlegvis i eit kampfly frå gamle Sovjet. Han er ein profilert jagarflypilot i Ukraina, men på grunn av sikkerheitsomsyn er identiteten hans hemmeleg.

I minst ti år har han tallause gonger flydd det sovjetiske jagarflyet MiG-29.

Ukrainsk pilot

Jagarflypiloten Juice blir teke bilete av med ansiktsmaske grunna tryggleiksomsyn.

Foto: Torstein Georg Bøe / NRK

NRK møter han på eit hotellrom i Kyiv.

Tanken på at Ukraina potensielt kan få nye F-16 fly frå vestlege land, fyller Juice med stor optimisme:

Med F-16 kan Ukraina skyte ned missil og dronar på grensa, før dei når inn i landet. Det gir oss moglegheit til å overleve.

Ukraina blir med jamne mellomrom treft av luftangrep frå Russland.

I midten av mai blei Kyiv treft av eit omfattande luftangrep frå fleire hald. Luftforsvaret til Ukraina klarte å skyte ned både missila og dronane, men angrepet skapte panikk i byen.

Nedskytinga førte til skadar på bygg og fleire brannar oppstod rundt om i hovudstaden.

Det er slike angrep F-16 skal unngå, meiner Juice.

Amerikansk F-16-jagerfly i India.

Det er dette flyet Ukraina har ønskt seg i lang tid, og som dei no mest sannsynleg får.

Foto: AP

Lenge har Vesten vore motvillige å gi Ukraina jagarfly. Seinast i januar svarte Joe Biden nei på spørsmål om USA vil gi kampfly til Ukraina.

Vesten har snudd

Men på eit G7-møte i Japan førre veke fekk Ukraina eit løfte frå Biden om opplæring i F-16-fly, og det blei opna for at dei allierte landa kan gi fly.

På hotellrommet minn Juice den første gongen han såg eit F-16-fly, på Ørland flystasjon i 2014. Han seier at han har drøymt om å fly det sidan.

Han er ikkje overraska over at USA no opnar for å gi Ukraina det etterlengta flyet:

– Det som er overraskande, er kor lang tid det tok.

"Juice" på besøk på Ørland flystasjon i Trondheim i 2014.

Juice besøkte Noreg i 2014, og fekk for første gong sjå eit F-16-fly på nært hald.

Foto: Privat

Det er ei stor oppgradering frå det flyet Juice flyr i dag:

– No har vi eit bakkebasert luftsystem som skyt ned missil. Det er ikkje effektivt. Vi har gamle radarar og utdaterte system.

F-16 er ikkje nok i seg sjølv

Lars Peder Haga, førsteamanuensis i Luftkrigsskolen, meiner det er strategisk av Ukraina å sette nettopp F-16 på ønskelista:

– Fleire allierte land oppgraderer kampflya sine, og mange F-16-fly skal seljast. I tillegg finst våpena som høyrer til flya i Europa og USA.

Haga meiner at F-16 ikkje kan gjere noko meir enn dei flya Ukraina har tilgang til no. Det er apparatet rundt som er det essensielle:

– Kampfly krev eit stort apparat. Ein må ha tilgang til reservedelar, våpen, moglegheit for oppgraderingar, opplæring og reparasjon.

Det er vanskelegare å få tak i reservedelar og våpen til dei gamle MiG-29-flya. Haga meiner difor at dette er ein langsiktig plan:

– Dette gjer ikkje noko magisk med situasjonen. Men det blir enklare å oppgradere til nye fly av same type når ein allereie meistrar denne type fly.

Ingen konkret plan

Sjølv om det no er opna for at vestlege land kan gi F-16-fly og opplæring, er det ingen plan for kven som skal gi, korleis og kor mykje.

Den ukrainske jagarflypiloten meiner likevel det kan endre krigen:

– Men det avheng av kor mange fly vi får og kva system og våpen dei kjem med.

Noreg har fått nye kampfly, og Forsvaret har difor ikkje bruk for dei 57 F-16-flya dei har. 32 av dei er selt til Romania, 12 til USA. Resten er det uvisst kven som skal kjøpe.

Høyr også:

SISTE NYTT

Siste nytt