NRK Meny
Normal

Uavhengig av innreiseforbodet kan Trump utvise millionar

Der Obama gjekk etter dei kriminelle innvandrarane, har Trump utvida dette til å gjelde alle som er i landet utan papira i orden. Tysdag kom Trump-administrasjonen med retningslinjer som varslar ei hardare linje i handhevinga av landets innvandringslover.

Grensa mellom USA og Mexico

På ein av dei mange grenseovergangane mellom Mexico og USA. Her i Del Rio, Texas.

Foto: JIM WATSON / AFP

– Vi lever i ei ny verkelegheit og den ordren er berre starten, seier Kelly Lytle Hernandez, ein Trump-kritikar og innvandringshistoriker ved University of California, til Bloomberg.

Hun trur presidentordren med tittelen «Betring av sammfunstryggleiken i USA» og dei etterfølgande retningslinjene vil føre til massedeportasjonar. Det er rekna at det er rundt 11 millionar ulovlege innvandrarar i landet.

Vil prioritere «dei som utgjer ein trussel»

Presidentordren blei signert 25. januar, men blei raskt overskygga av det kontroversielle innreiseforbodet, som sette ein midlertidig stoppar for menneske frå sju hovudsakleg muslimske land å reise til USA, to dagar seinare.

Medan domstolane har sett ein midlertidig stoppar for det sistnemnde, held Trump fast på planen om å slå ned på ulovleg innvandring på heimebane. Tysdag kom Tryggingsdepartementet (DHS) med retningslinjer for korleis dette skal skje.

John Kelly

Sjef for Tryggingsdepartementet John Kelly (i midten) la i dag fram retningslinjene for innvanringsordren til Donald Trump. Her før ein pressekonferanse i San Ysidrio 10.februar

Foto: SANDY HUFFAKER / AFP

I tillegg til å auke talet på tilsette med 10.000 i immigrasjonsforvaltinga og 5000 nye grensevakter har Trump sagt at han vil halde tilbake statlege overføringar til dei såkalla fristadane, byar der dei ulovlege innvandrarane er verna under lova. Departementet ber også innvandringsstyresmaktene (ICE) om å samarbeide meir med lokalt politi, noko som har skapt sterke reaksjonar, spesielt i desse fristadene.

Sjølv om ein skal gå breiare ut, vil administrasjonen likevel prioritere å sende ut dei som blir sett på å utgjere ein trussel, blant anna nyleg ankomne, dei som er dømde for brotsverk eller dei som er sikta, men ikkje dømde.

Dei såkalla «Drøymarane», innvandrarar som kom ulovleg som barn, skal framleis vere verna mot utsending.

«Ein dag utan innvandrarar»

Under dei nye retningslinjene vil ein i større grad kunne ta i bruk såkalla prosedyrar for «framskynda utvising», som gjer at folk kan bli deportert nesten utan å gå om rettssystemet, til dømes når det gjeld menneske som ikkje kan dokumentere at dei har budd i landet i meir enn to år.

Tidlegare gjaldt denne prosedyren berre personar som var nærare enn 160 kilometer frå grensa og som har oppheldt seg i landet i under to veker.

Trump vil også gi dei som jobbar i grensekontrollen større handlingsrom til å gjennomsøke og kontrollere dei som passerer i større grad. Dei vil også få større fullmakter til å halde folk tilbake på grensa, skriv Vox.

Det er også planlagd å sende ikkje-meksikanske innvandrarar tilbake inn i Mexico, som fungerer som transittland for mange latinamerikanske innvandrarar, medan dei ventar på at saka deira blir avgjord. Tilsette i DHS seier ifølge Reuters at dette vil avhenge av meksikanske styresmakter og vil ikkje bli sett i verk med det første.

Sjå Urix om forholdet mellom USA og Latin-Amerika

Fleire titals innvandrarar har mista jobben etter at dei førre veke protesterte mot Trumps innvandringspolitikk ved å ikkje møte opp på jobben. «Ein dag utan innvandrarar» var slagordet for protesten, der dei ville vise kor avhengig den amerikanske økonomien er av deira bidrag. 13 prosent av dei som bur i USA er fødde i utlandet.

Innvandrerprotest mot Trump

Ein av hundrevis av stengde butikkar i USA 16.februar, i ein protest mot Trumps innvandringspolitikk. Her i Philadelphia.

Foto: Jessica Kourkounis / AFP
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt