Hopp til innhold

Stolten­berg om Trumps truslar: – Vi kan ikkje under­grave Natos truverd

Donald Trump har nok ein gong sådd tvil om USA vil forsvare Nato-land. Stoltenberg seier det undergrev all tryggleik, men at også Trump har eit poeng.

MIN STØRSTE FAN: Donald Trump har flere ganger omtalt Jens Stoltenberg som hans største fan.

ALLIANSE: – USA har aldri kjempa ein krig åleine, sa Natos generalsekretær Jens Stoltenberg om Trump sine truslar.

Foto: AFP

Onsdag held Natos generalsekretær Jens Stoltenberg pressekonferanse før han skal møte med Nato-landa sine forsvarsministrar.

Natt til søndag var USAs presidentkandidat Donald Trump nok ein gong kritisk til Nato. Dette fekk Stoltenberg spørsmål om onsdag:

– Formålet med Nato er å unngå krig. Det har vi gjort i mange tiår. Noko forslag om at vi ikkje skal beskytte kvarandre aukar den risikoen, svarar Stoltenberg.

– Vi kan ikkje undergrave Natos truverd.

Donald Trump Jens Stoltenberg the White House

Jens Stoltenberg besøkte Det kvite hus i 2017 då Donald Trump var USAs president.

Foto: Shealah Craighead / The White House

Trump sa på eit valkampmøte i Sør-Carolina at han ikkje nødvendigvis ville beskytte andre Nato-land viss dei blir angripne.

– Det eg høyrde i Washington frå republikanarane ein samla bodskap om sterk støtte til Nato og Ukraina.

Stoltenberg seier det er viktig å understreke at også USA har interesse i eit sterkt Nato.

– USA har aldri kjempa ein krig åleine.

Ifølgje Nato-pakta artikkel 5 står det at eit angrep på eitt medlemsland er eit angrep på alle.

– Kvar ei antyding om at allierte ikkje vil forsvare kvarandre, undergrev all tryggleiken vår, inkludert USAs. Det utsett amerikanske og europeiske soldatar for auka risiko, har Stoltenberg sagt tidlegare.

Les også Trumps trusler

KJØR PÅ: "Jeg ville faktisk oppfordret Russland til å gjøre hva de faen de ville", fortalte Donald Trump på et valgkampmøte i helgen.

Oppfordra Russland til å gjere kva dei vil

Under valkampmøte fortalde den amerikanske ekspresidenten om ein samtale under eit Nato-møte.

Ifølgje han sjølv skal «ein president for eit stort land» stilt spørsmål til om USA ville forsvart dei under ein russisk invasjon.

Då svara Trump:

– Nei, eg ville ikkje beskytta dykk. Eg ville faktisk oppfordra Russland til å gjere kva faen dei vil. De må betale. De må betale rekninga.

Trump sikta til at land må oppfylle måla sine om å bruke 2 prosent av BNP på forsvar. Det er det berre 11 av 30 Nato-medlemsland som gjer.

Ifølgje Stoltenberg er planen at 18 allierte skal bruke 2 prosent av BNP på forsvar i 2024, og det blir brukt rekordhøge summar på forsvar i alliansen.

– Kritikken er ikkje mot Nato, men at Nato-allierte ikkje bruker nok pengar. Og det er eit gyldig poeng, seier Stoltenberg.

– Dersom han blir valt, må vi ha ein god del samtalar

Utsegna frå Trump har skapt reaksjonar både i USA og i Europa.

Anders Romarheim, som arbeider ved Forsvarets høgskole kalla ordbruken til Trump oppsiktsvekkande.

– Den er veldig farleg.

Det kvite hus reagerte også sterkt.

– Å oppfordre brutale regime til invasjon av våre nærmaste allierte er forferdeleg og mentalt ustabilt, og det sett amerikansk tryggleik, global stabilitet og økonomien i fare, sa Andrew Bates, talsperson for Det kvite hus.

Donald Trump har vore skeptisk til Nato ved fleire høve, også då han var presidentkandidat.

Jens Stoltenberg

Natos generalsekretær Jens Stoltenberg forventar ein at USA blir ein sterk og engasjert Nato-alliert uavhengig kven som blir president til hausten.

Foto: Nato

Ifølgje den franske Eu-kommissæren Thierry Breton skal Donald Trump sagt i eit møte tilbake i 2020 at «Nato er død» og at USA kjem til å gå ut av alliansen.

Ekspresidenten har gode prognosar før valet til hausten.

Utanriksminister Espen Barth Eide sa førre veke til VG at dersom Donald Trump blir USAs neste president må dei gå nokre rundar for å finne ut kva han eigentleg meiner.

– Nato er ikkje berre ein formalitet. Det må også ha reell truverd at USA vil støtte europeiske land, sa statsråden til avisa.

Og det var også Stoltenberg einig i:

– Uansett kven som vinn presidentvalet, forventar eg at USA held fram som ein sterk og engasjert Nato-alliert.

SISTE NYTT

Siste nytt