Hopp til innhold

Slik vil Trump gjere USA «great again»

Mindre enn eitt år etter at han blei president, la Donald Trump fram ein ny nasjonal tryggingsstrategi måndag.

US-DIPLOMACY-POLITICS-DEFENSE-SECURITY-TRUMP

President Donald Trump la måndag fram sin nye strategi for å setje «America first»

Foto: MANDEL NGAN / AFP

President Donald Trump starta presentasjonen med å fortelje korleis amerikanske politikarar har svikta folket. Men no lovar han å bygge opp att omdømmet til USA.

I løpet av sitt første år som president, har han blant anna auka forsvarsbudsjettet, trekt USA ut av Parisavtalen og nekta å godkjenne Iran-avtalen.

I talen sa han også at USA har lagt press på Nato:

– I eit forsøk på å styrke NATO-alliansen, har vi fått igjennom at dei andre medlemslanda skal betale meir. Dei kan ikkje vente at USA skal forsvare landa, om dei ikkje vil vere med å bidra sjølve.

Under presentasjonen av den nye strategien sa Trump at USA har fått gjennomslag for at fleire av NATO-landa skal betale meir for å finansiere alliansen.

Vil auke respekten

Trump gjekk til val på at dei vilje setje «America first» i utanrikspolitikken. Presentasjonen måndag er eit svar på dette. Målet er ifølge presidenten å gjenopprette respekten for USA i utlandet og fornye den amerikanske sjølvtilliten på heimebane.

For å få til dette, vil Trump først og fremst sørge for trygge det amerikanske folket og den amerikanske levemåten ved å forsvare landegrensene.

– For første gong omfattar tryggingsstrategien også eit forsvar av eigne grenser.

Trump seier dei vil styrke grensekontrollen og endre immigrasjonssystemet slik at det vernar om landegrensene og den amerikanske suvereniteten.

– Ein nasjon utan grenser, er ingen nasjon.

Han peikar på islamistiske terroristar og cyberåtak som to av dei største trugsmåla mot USA i dag.

Styrking av økonomien

Som ein del av den nye tryggingspolitikken, vil Trump også sørge for økomisk vekst i USA. Han meiner ein god økonomi er avgjerande dersom ein skal kunne bygge opp att det amerikanske sjølvkjensla.

– Vi skal fornye den amerikanske økonomien til fordel for amerikanske arbeidstakarar og selskap, som er naudsynt for å gjenopprette vår nasjonale makt.

For å lukkast i det geopolitiske konkurransen, seier Trump at USA må vere i førarsetet når det gjeld forsking, teknologi og innovasjon.

Skape fred gjennom styrke

Trump seier dei skal bruke alle verktøya dei har til rådigheit for å verne om dei amerikanske interessene. Dette omfattar både diplomati, informasjon, militær makt og økonomi.

– Vi må ha ei fullstendig modernisering av forsvaret vårt, og reversere tidlegare vedtak om å redusere styrkane våre. Ein bieffekt av dette er at vi også skaper arbeidsplassar.

Donald Trump vil skape fred med eit sterkare USA.

Trump seier også at dei skal sikre seg at maktbalansen i Søraust-Asia, Europa og Midtausten går i favør av USA.

Auka amerikansk innverknad

I valkampen i fjor snakka Donald Trump om å gjere USA stort igjen. Og det er også det siste punktet i den nye tryggingsstrategien. Gjennom internasjonale avtalar vil Trump auke den amerikanske innverknaden på verda.

– Vi vil ha sterke alliansar og partnarskap basert på samarbeid. Vi vil inngå nye partnarskap med dei som deler måla våre.

Trump seier at slike avtalar kan auke frihandelen, skape ein større privat sektor, politisk stabilitet og fred.

USA-korrespondent Tove Bjørgaas om presentasjonen til Donald Trump.

SISTE NYTT

Siste nytt

Flere videoer i sosiale medier viser samme hendelse, som alle samsvarer med beskrivelsen av hendelsen, våpenet og området det skjedde. Videoen er verifisert av bl.a. BBC.

Politiet i London: Fleire personar angripe med sverd i London, «verkar ikkje terror-relatert»

Det er meldt at fleire forbipasserande og to politifolk er angripne i Stor-London. Ein mann med sverd er arrestert, seier politiet.

Disse videoen fra Twitter skal vise stormingen av Hamilton Hall

Gaza-demonstrasjon i USA: Har barrikadert administrasjonsbygg på Columbia

New York-universiteta Cornell og Columbia har byrja å straffe studentane sine for teltleirane ved campus. På det siste svarte studentane med barrikadar.