Hopp til innhold

Trua med nytt blodbad

Mannen som i går trua med eit blodbad som skulle få massakren på Virginia Tech til å bleikne, har overgitt seg til politiet.

Elevane ved Yuba City High School vart sende heim etter truslar.
Foto: Chris Kaufman / AP

Alle skulane i to fylke i det nordlege California vart haldne stengde i går av frykt for at mannen skulle gjere alvor av truslane.

Politiet jakta med store styrkar på 28 år gamle Jeffrey Thomas Carney i dei to byane Yuba City og Marysville, som ligg vel 60 kilometer nord for delstatshovudstaden Sacramento.

 

 

 

Jeffrey Thomas Carney melde seg for politiet.
Foto: Sutter County Sherrif's Department / AP

Lokale polititenestemenn seier at Carney, som er frå Yuba City, sette fram truslane i ein samtale med pastoren i den lokale metodistkyrkja.

I denne telefonsamtalen sa Carney at han var væpna med ei AK-47 rifle, heimelaga bomber og gift. Han gav uttrykk for at å ville framprovosere ein kontrontasjon med politiet slik at han kunne ”gjere sjølvmord ved hjelp av dei”.

Politiet tek truslane frå Jeffrey Thomas Carney på alvor, og sete inn store styrkar i jakta på han. Han blir karakterisert om ein ustabil person som misbrukar metaamfetamin, og som kan ha synlege symptom på psykose som ein følgje av dette misbruket.

Carney har eit kriminelt rulleblad som inneheld blant anna innbrot og valdsbruk. Han blir no sikta for å ha sett fram truslar om å utøve terror.

Det har hagla inn med truslar mot undervisningsinstitusjonar over heile USA etter blodbadet i Virginia, og fleire stader har styrsmaktene sett seg tvungne til å stengje skular.

SISTE NYTT

Siste nytt