Hopp til innhold

Tolv indiske skulebarn døde i brann

Minst tolv barn er døde i ein brann på eit herberge for skulebarn i India. Åtte er skadde.

Flesteparten av dei 62 skulebarna klarte å komme seg ut, men tolv misste livet då det starta å brenne i internatet dei budde.

I tillegg til dei døde er åtte alvorleg skadde, melder Reuters.

Internatet "The Don Bosco School missionary school" ligg i delsten Arunachal Pradesh nord i landet.

Styresmaktene trur brannen var eit uhell, og meiner han kan ha starta fordi elevane brukte stearinlys innandørs.

SISTE NYTT

Siste nytt