Hopp til innhold

To brør lynsja på gata i Pakistan

Pakistanske styresmakter har starta etterforsking etter at to unge brør vart lynsja av ein folkemobb i den pakistanske byen Sialkot aust i Punjabprovinsen helga.

Video PAKI-LYNSJE-230810-WW_MXF_Innboks.MP4

VIDEO: NRK åtvarar mot sterke bilete. Mannen som er merkt med med raud ring er politimann.

Videobileta av lynsjinga har gått verda rundt det siste døgnet. Den groteske hendinga har skapt sterke reaksjonar både i Pakistan og i utlandet.

Politiet reagerte ikkje

Faren og systera til dei to gutane viser fram bilete av dei.

Faren og systera til dei to gutane viser fram bilete av dei.

Foto: Shahid Ikram / Ap

Noko av det som har gjort sterkast inntrykk er at fleire politimenn er vitne til det som skjer, utan at han gjer noko for å stanse det.

På videoen er det tydeleg å sjå ein politimann (merkt med raud ring) som ser på den brutale mishandlingar, utan å reagere.

Dei to brørne på 15 og 17 år trente cricket i landsbyen. Dei hadde med seg ein bag der dei hadde ein del cricketutstyr. Det hadde vore eit væpna ran av utstyr frå cricketanlegget tidlegare, og opphissa innbyggjarar skulda dei to gutane for å ha stått bak.

Ein talsmann for politiet seier at meir og meir tyder på at dei to gutane ikkje hadde noko med ranet å gjere.

Krangel om cricket

Dei skal i dagane før ha vore i krangel med fleire andre frå landsbyen om dei hadde rett til å trene på cricketbana.

Dei to gutane blir banka med stokkar av fleire menn i flokken, og det var ingen som greip inn, heller ikkje politiet.

Til slutt blir dei maltrakterte lika av dei to ungdomane klynga opp i ein bygning like ved.

Ein talsmann for dei lokale styresmaktene seier at alle som deltok i lynsjinga skal behandlast som drapsmenn, også dei som oppfordra til mishandlinga.

Dette er dei to brørne som var lynsja i Pakistan

Dette er dei to brørne som vart lynsja i Pakistan.

Foto: EVN

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt