Hopp til innhold

Times-Square-sikta blir i fengsel

Mannen som er mistenkt for å ha prøvd å gjennomføre eit terroranslag på Times Square i New York 1. mai, blir sitjande i fengsel utan sjanse til å bli sett fri mot kausjon.

Politiets bombegruppe undersøker bilbombe – Times Square, New York

Terrorforsøket på Times Square 1. mai lukkast ikkje.

Foto: BRENDAN MCDERMID / Reuters

Faisal Shahzad

Faisal Shahzad møter for retten i dag.

Foto: HO / Reuters

Dette er klart etter at ikansk-pakistanske Faisal Shahzad vart framstilt for ein domstol i New York i dag. Han er sikta for å sett igjen ein bil lasta med sprengstoff i den sterkt trafikkerte gata. Dette er første gongen han blir framstilt for ein domstol.

Faisal Shahzad er sikta for å ha prøvd å bruke eit masse-øydeleggingsvåpen til å ta livet av eller lemleste uskuldige menneske.

Han vart arrestert 3. mai då han prøvde å kome seg med eit fly frå John F. Kennedy-flyplassen til Dubai.

Fleire andre er også arresterte i denne saka, og minst ein av dei har vedgått å ha hjelpt Shahzad med å planleggje anslaget på Times Square.

LES OGSÅ:

LES OGSÅ: Tre arrestert i forbindelse med New York-bomben

LES OGSÅ: – Har ikke sett ett eneste bevis

SISTE NYTT

Siste nytt