Tidlegare i dag melde NBC News at Rex Tillerson i sommar vurderte å seie opp jobben som utanriksminister. I eit møte skal han ifølge nyheitskanalen ha kritisert president Donald Trump og kalla han ein «idiot».
Ifølge NBC måtte visepresident Mike Pence etter møtet overtale Tillerson til å halde fram i jobben.
Avviser påstandane
Men på den hasteinnkalla pressekonferansen onsdag ettermiddag, avviste Tillerson påstandane om at han hadde vurdert å seie opp.
– Ingen har måtte overtale meg til å halde fram, for eg har aldri vurdert å forlate posten. Eg har framleis eit sterkt engasjement for president Trump. Og eg blir så lenge presidenten meiner han har bruk for meg.
Tillerson sa at han framleis har mykje ugjort som utanriksminister, og at arbeidet så vidt har starta.
Heller ikkje president Trump likte meldinga frå NBC News sende ut. Rett før pressekonferansen til Tillerson la han ut ei Twitter-melding om nyheitskanalen.
– NBC News er falske nyheiter og enda meir uærlege enn sjølv CNN. Dei er ei skam for god journalistikk. Ikkje rart oppslutninga deira er på veg ned.
Og etter pressekonferansen kravde Trump at NBC skulle kome med ei orsaking.
– NBC-historia er akkurat blitt fullstendig avvist av utanriksminister Tillerson og visepresident Pence. Det er falske nyheiter. Dei burde kome med ei orsaking til Amerika!