Enda ein stad der kvinner kan møtast i offentlegheita er teke ifrå afghanske kvinner.
Taliban har no vedteke at det skal bli strengt ulovleg for kvinner å klippe håret sitt eller fikse augebryna sine utanfor heimen.
Det er departementet som skal fremje dyd og førebygge utukt i landet, som har valt å stenge dei over tusen skjønnheitssalongane og frisørane.
ULOVLEG: Om nokre veker skal alle skjønnheitssalongar vere stengde i Afghanistan.
Foto: ATIF ARYAN / AFPAfghanske salongeigarar mister arbeidsplassen sin, men og ein sosial møtestad.
Salongeigarane har fått under ein månad på seg til å stenge, og får ikkje noko form for økonomisk stønad i prosessen.
Dette er den siste lova i ei lang rekke forbod som Taliban har innført etter at dei kom til makta i 2021.
Alle forboda har ført til at kvinners fridom har blitt innskrenka, og direkte eller indirekte gjort at kvinner må halde seg heime.
Dei kvinnediskriminerande lovene har fått fatale følger for kvinner i Afghanistan.
Sjølvmord og dårleg mental helse
Den afghanske kvinnerettsaktivisten Fawzia Koofi rapporterer om at minst ei eller to kvinner tar sitt eige liv kvar dag på grunn av dårleg mental helse.
Koofi melder også om at jenter så unge som 9 år blir selt av familiane sine, fordi det ikkje er håp for dei, i tillegg til det økonomiske presset dei står i.
I ei spørjeundersøking gjort av FN svarte 50 prosent av dei spurde at dei kjenner minst ei kvinne som har slite med angst eller depresjon sidan Taliban kom til makta. Og absolutt alle kvinnene FN snakka med var alvorleg uroa for si mentale helse.
Frå og med 27. juli må alle salongar for kvinner stenge.
Foto: JORGE SILVA / ReutersEin mannleg salongeigar som NRK har snakka med, tilbyr no å reise heim til kvinner som ønsker å bli klipt. Den nye lova rammar ikkje salongar for menn.
Kona hans, som eig ein skjønnheitssalong for kvinner, har reist til Iran som følge av at ho ikkje får drive salongen sin. Det var hennar einaste inntekt.
Dei ønsker ikkje å stå fram med namn.
Det er enno ikkje kome lover som forbyr å tilby skjønnheitsbehandlingar eller frisørtenester heime, så det er enn so lenge ei moglegheit.
Taliban har innført enda ei lov som skal sikre at kvinner held seg heime.
Foto: ATIF ARYAN / AFPHøyr også: