NRK Meny
Normal

Svært spent på Korea-halvøya

Det er svært spent mellom Sør- og Nord-Korea, etter at Nord-Korea sette dei militære styrkane sine i kampberedskap i går.

Store demonstrasjonar mot Nord-Korea i Sør-Koreas hovudstad Seoul 9. mars.

Det er store demonstrasjonar mot Nord-Korea i Seoul i Sør-Korea i dag.

Foto: Ahn Young-joon / AP

I dag starta den årlege felles militærøvinga mellom USA og Sør-Korea. Nordkoreanske styresmakter seier at øvinga er større enn vanleg, og kallar manøveren eit forspel til krig.

Nord-Korea seier landet kan kome til å skyte opp ein satellitt, medan USA og Sør-Korea trur planen er å teste ein langdistanserakett.

Regimet i Pyongyang har sagt at alle forsøk på å skyte ned satellitten, er ei krigserklæring.

Den nordkoreanske hæren har 1,2 millionar menn og kvinner under våpen.

Demonstrasjonar

Det er i dag store demonstrasjonar i Sør-Koreas hovudstad Seoul i protest mot regimet i Nord-Korea. Demonstrantane brenn det nordkoreanske flagget og bilete av dikatoren Kim Jong-il.

Kim Jong-Il deltok i valet i Nord-Korea 8. mars.
Foto: KNS / AFP

Nord-Korea har også stengt alle kommunikasjonskanalar mellom Nord og Sør.

- Det er ikkje meining i å oppretthalde ein normal kommunikasjon, så lenge Sør-Korea slår seg saman med andre land og peikar våpna mot oss, heiter det i ei fråsegn frå makthavarane i Nord-Korea.

Dette fører til at 700 personar som har arbeidet sitt på eit felles industrianlegg for dei to landa på grensa, Kaesong, ikkje kjem seg på jobb. Det oppheld seg over 500 sørkoreanarar på anlegget i dag, og desse kjem seg truleg ikkje over grensa til heimlandet.

Video nsps_upload_2009_3_9_7_46_11_3.jpg

VIDEO: Nord-Korea truer med krig.

Høgt spenningsnivå

Sørkoreanske styresmakter oppmodar nabolandet i nord til å ta opp att normal kommunikasjon, og å gjere sitt til å få ned spenningsnivået mellom dei to landa.

Det var Sør-Korea som i 2005 finansierte det store Kaesond-anlegget i grenseområdet, som ein del av at den minska spenninga som var mellom landa den gongen.

Rundt 39.000 nordkoreanarar arbeider for sørkoreanske selskap på anlegget,som produserer alt frå klokker, klede, sko og kjøkkenutstyr.

Seinare har forholdet mellom dei to landa kjølna igjen, og i desember i fjor la Nord-Korea nye restriksjonar for dei som ville krysse grensa, og fleire hundre sørkoreanarar på hadde sjefsstillingar på anlegget vart utviste.

Nordkoreanske soldatar som deltok i valet søndag 8. mars.
Foto: KNS / AFP

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt