Hopp til innhold

Nytt haiangrep i Australia

Ein surfar døydde tysdag etter at han blei angripen av hai på ei strand i vest-Australia.

Frå det verdskjende surfeområdet Margaret River vest i Australia.

Det verdskjende surfeområdet Margaret River vest i Australia. Arkivfoto.

Foto: HO / REUTERS

Den mannlege surfaren omkom som følgje av skadene han blei påført i eit haiangrep ved ei strand utanfor turistbyen og surfeparadiset Margaret River, melder nyheitsbyrået AFP.

– Me har nettopp fått stadfesta at den unge mannen ikkje overlevde skadene han blei påført som følgje av haibittet, seier australsk politi.

Turistbyen ligg om lag 270 kilometer sør for Perth. Ein mann skal frå verandaen sin ha sett at surfaren brått forsvann og melde frå om hendinga, opplyser australsk riksringskasting, ABC.

–Me sprang ned til stranda og fekk auge på ein hai i sjøen. Då visste me at surfaren hadde vorte angripen, seier eit kvinneleg vitne til ABC.

Hai er ikkje eit uvanleg syn i australske farvatn, men døyelege angrep er sjeldne. I desember 2008 døydde ein snorklar etter å ha vorte angripen av ein stor hai ved Australias vestkyst.

SISTE NYTT

Siste nytt