Hopp til innhold

Stoltenberg om Ukraina-møte: – Vi skal hjelpe Ukraina på vegen mot medlemskap

– Det er berre Ukraina og Nato-landa som kan avgjere om landet kan bli medlem av Nato, seier generalsekretær i Nato Jens Stoltenberg.

ORIENTERER: Generalsekretær i Nato Jens Stoltenberg møter pressa etter møte om situasjonen i Ukraina. Førre møte i Nato-Russland-rådet var i juli 2019.

– Eit angrep på Ukraina vil vere svært alvorleg.

Det seier generalsekretær i Nato Jens Stoltenberg etter første møte i Nato-Russland-rådet sidan juli 2019.

Stoltenberg samanfattar møtet slik:

– Vi hadde ein svært seriøs og direkte samtale om situasjonen og påverknaden det har på Nato sin tryggleik.

Stemninga mellom Russland og Ukraina er spent.

Vestlege land har skulda Russland for å ha plassert ut rundt 100.000 soldatar nær Ukraina si grense, og hevdar russarane planlegg for ein mogleg invasjon av nabolandet i vinter.

Russland har avvist dette, og peika på at dei står fritt til å flytte på styrkane sine på sitt eige territorium.

Russlands viseforsvarsminister Aleksander Fomin, Russlands viseutanriksminister Alexander Grushko og NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg står ved sida av kvarandre under Nato-Russland-rådet sitt møte i Brussel 12. januar 2022.

BRUSSEL: Russlands viseforsvarsminister Aleksander Fomin og viseutanriksminister Alexander Grushko saman med Nato sin generalsekretær Jens Stoltenberg under Nato-Russland-rådet sitt møte i Brussel onsdag 12. januar.

Foto: POOL / Reuters

Vikar ikkje for krava

På møtet i dag reiste Russland krav om å ikkje utvide Nato austover.

Det kravet slår Nato ned på.

– Vi skal hjelpe Ukraina på vegen mot medlemskap, Russland kan ikkje leggje ned noko veto mot dette, sa Stoltenberg under pressekonferansen etter møtet.

Føler du at ei eskalering av konflikten er meir eller mindre sannsynleg etter at Nato og USA slår fast at «open-dør»-politikken ikkje er til diskusjon?

– Det er mogleg å kome vidare dersom Russland er villig til å engasjere seg for å finne ei politisk løysing.

– Vi er opne for å diskutere ei rekkje spørsmål med Russland. Det inkluderer balansert våpenkontroll, og vi ser at desse mekanismane har verka før.

– Men vi er ikkje villig til å gå inn for kompromiss på eit av nøkkelprinsippa i europeisk sikkerheitspolitikk som seier at alle land har rett til å velje sin eigen veg.

Stoltenberg viser mellom anna til Finland og Sverige, som ikkje søkar medlemskap, men som likevel understrekar viktigheita av at landa sjølv vel kva veg dei vil gå.

Under møtet la Nato på si side fram eit krav om å demilitarisere grenseområdet mot Ukraina.

– Oppbygginga av militære styrkar rundt til dømes Ukraina er urovekkjande.

Russland er ikkje klar til å avtale nye møter om nedrusting i Europa, fortel Stoltenberg, men Nato opplev at det er vilje til dialog om våpenkontroll.

– Dialogen er vanskeleg, men difor viktig. Vi skal prøve å finne ei diplomatisk løysing på dette.

Budd på konfrontasjon

Under pressekonferansen la Stoltenberg ansvaret for denne situasjonen på Russland, fordi dei braut avtalen om forbod om mellomditansemissilar.

– Den avtalen har kollapsa på grunn av omfattande russiske avtalebrot. Eg veit at det er mogleg å få til avtalar, men det er krevjande.

På spørsmål om kva garantiar Nato krev frå Russland, svarer Stoltenberg:

– Russland har styrker i fleire land som Ukraina, Moldova og Georgia utan godkjenning frå dei ulike regjeringane. Eit av våre krav er at desse styrkane blir trekt tilbake.

Nato er klare til å møte Russland igjen for å diskutere konkrete tiltak, og ser fram til møtet torsdag i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE).

– Nato er villig til å diskutere konkrete forslag, men vi må også vere budde på at Russland også denne gongen vel konfrontasjon, sa Stoltenberg etter møtet.

SISTE NYTT

Siste nytt