Hopp til innhold

Steil Gaddafi nektar å forhandle

I ein tale til tilhengjarar i fødebyen Sirte, sa Muammar al-Gaddafi at det aldri blir snakk om å forhandle med dei libyske opprørarane.

Muammar al-Gaddafi

Libyas leiar Muammar al-Gaddafi er like steil som tidlegare.

Foto: REUTERS TV / Reuters

- Eg vil ikkje snakke med dei. Det blir ikkje forhandlingar mellom oss før dommedag, ropte han ut til stor jubel frå tilhengjarane sine.

Gaddafi, som har vore diktator i Libya i over 40 år, er hardt pressa av NATOs luftkrig mot landet og av opprørarane vest i landet.

Det er kjent at det har vore kontakt mellom NATO og Gaddafi-regimet, men det kom ikkje noko ut av møtet.

SISTE NYTT

Siste nytt