Hopp til innhold

Statsminister: – Ukraina er no verdas største minefelt

Meir enn 40 prosent av Ukraina er minelagt, ifølge den ukrainske statsministeren. Han hevdar at minefelta dekker heile 250.000 kvadratkilometer.

-

MINER I NÆRLEIKEN: Eit varselskilt med teksten «stopp miner» på russisk og ukrainsk, her i ein landsby vest for Kyiv sist november.

Foto: GENYA SAVILOV / AFP

Sidan Ukraina tok til å gjenerobre territorium som tidlegare hadde vore okkupert av russarane, har minene som ligg att i jorda gjort det svært farleg for dei som flytta tilbake.

Store mengder eksplosiv som plutseleg kan sprenge skapar problem for jordbruket – eitt av landet sine viktigaste inntektskjelder.

– Ukraina er no verdas største minefelt, seier statsminister Denys Sjmyhal i eit intervju med det sørkoreanske nyheitsbyrået Yonhap.

Åtaka på viktig infrastruktur og industrianlegg har ført til at det først og fremst er sivile som er råka, meiner Sjmyhal, fordi «Russland angrip infrastrukturen i tett befolka område».

A uniform of a dead Russian soldier lays in a mine field during the gathering of dead Russian solders remains in Donetsk region

Biletet skal vise uniforma til ein død russisk soldat i Donetsk-regionen.

Foto: SHANNON STAPLETON / Reuters

Organisasjonen Human Rights Watch dokumenterte i løpet av sommaren 2022 at det russisk militæret tok i bruk antipersonellminer i Ukraina, som er forbodne.

Den internasjonale minekonvensjonen frå 1997 forbaud all produksjon, lagring, sal og bruk av antipersonellminer. 164 statar skreiv under på dette, men Russland var ikkje ein av dei.

Ukraina forplikta seg til konvensjonen i 2005. Organisasjonen melder at dei så langt ikkje ser ut til å ha nytta slike miner i krigen.

Les også Store deler av Ukraina kan være minelagt: Hunden Patron sniffer minene frem

Ukrainsk minehund, Butsja, Ukraina 4. april 2022

Nokre forbodne, men ikkje alle

I den same rapporten kjem det fram at landminer som råkar køyretøy er dokumenterte på begge sider av frontlinja.

Desse, og miner som blir utløyste ved hjelp av fjernkontroll, er ikkje forbodne av minekonvensjonen, sjølv om dei også utgjer ei fare for sivile køyretøy.

Traktorar og andre landbruksmaskinar, lastebilar og bussar kan alle utløyse slike miner, og fleire stader i landet er det no livsfarleg å dyrke jorda eller køyre langs vegar på landsbygda.

Demining field in Kharkiv region

Ein ukrainsk tenestemann ryddar miner i Kharkiv, oktober 2022.

Foto: CLODAGH KILCOYNE / Reuters

Det at Russland ikkje har forplikta seg til minekonvensjonen, betyr ikkje at dei kan gjere slik dei vil på slagmarka, seier Human Rights Watch.

Dei minner om at styresmaktene og militæret er botne av FN sin konvensjon som forbyr eller avgrensar visse konvensjonelle våpentypar, og av Genève-konvensjonen sin tilleggsprotokoll om vern om sivile i krig.

Alvorlege konsekvensar for vanlege folk

Norsk Folkehjelp startar i år eit stort mineryddingsprogram i Ukraina, seier leiar for humanitær mine- og eksplosivrydding, Per Håkon Breivik.

Per Håkon Breivik i Mosul, Irak.

Per Håkon Breivik i Norsk Folkehjelp.

Foto: Privat

Til no har dei jobba med å gjere folk merksame på eksplosiv som ligg rundt omkring, og bidrege med konfliktberedskap og materiell støtte.

– På eit møte eg var på med ukrainske styresmakter i Genève i desember, så estimerte dei at det var minst 5 millionar menneske som budde i område med veldig høg tettleik av landminer og land-eksplosiv.

– Minst 15 millionar budde i område der det var ein viss trugsel frå ein eller begge.

Breivik meiner areal-estimatet statsministeren i Ukraina kom med søndag ettermiddag, kan stemme for dei potensielt råka områda.

Han viser likevel til store forskjellar mellom estimata som til no har kome frå ukrainske styresmakter.

Ukrainian National guard demining team Battalion Dnipro 1 clears mine fields in Donetsk region of Ukraine

Restar av miner som ukrainske tryggingsstyrkar samla inn i desember, også i Donetsk.

Foto: SHANNON STAPLETON / Reuters

Heilt i starten av krigen rekna dei med alle område der russiske styrkar hadde bomba eller vore fysisk til stades. Dette gjaldt halvparten av landet, sa dei.

Tidleg i desember endra styresmaktene estimatet til kring 26 prosent, men har no justert talet opp att til 40.

Ein ting er sikkert, seier Breivik: Begge desse siste estimata «utgjer ein vesentleg trugsel mot sivilbefolkninga og vil trenge store ressursar for å bli rydda».

– Det har vore brukt enorme mengder landminer og det har vore brukt enorme mengder våpen.

– Med blindgjengarar, altså ueksplodert ammunisjon, aukar berre landområda for kvar dag som krigen held fram.

SISTE NYTT

Siste meldinger