Ein politistasjon i utkanten av hovudstaden vart angripen av opprørarar i ettermiddag norsk tid. Etter to veker har opprøret mot president Jean Betrand Aristide kosta 60 menneskeliv. Opprørsleiaren Guy Philippe seier han vil ha kontroll over heile landet om tre veker dersom presidenten ikkje trekkjer seg.
USAs utanriksminister Colin Powell bad i dag om at fristen for opprørarane til å godta eit forslag om ein fredsplan for Haiti, blir utvida med eitt døgn.
Situasjonen på Haiti er kaotisk, og Kirkens Nødhjelp meiner det er snakk om ein humanitær katastrofe. (Foto: AP-Scanpix)
Petter Skauen er spesialrådgjevar i Kirkens Nødhjelp. (NTB-arkivfoto)
USA-soldatar
50 elitesoldatar frå USA Marines kom i kveld til Port-au-Prince, der dei har i oppdrag å verje den amerikanske ambassaden og andre amerikanske interesser i landet.
Petter Skauen er spesialrådgjevar for Kirkens Nødhjelp, og han har snakka med organisasjonen sine medarbeidarar på Haiti i dag.
- Situasjonen er svært spent. For første gong seier medarbeidarane våre i dag at dei er redde. Det er ein humanitær katastrofe på gang, seier han i eit intervju med NRK.
Skauen fortel at væpna bander har fritt spelerom i det fattige landet. Kriminelle bandar opererer saman med opprørsgrupper. Fangar rømer frå fengsla, og vanlege folk prøver å kome seg bort. Mange legg ut på havet i skrøpelege farkostar for å kome unna kaoset i heimlandet.
Matmangel
Skauen kan også fortelje om ein aukande mangel på mat, noko som fører til desperasjon hos mange. Situasjonen er særleg ille for kvinner og born, seier han.
No er det frykt for eit blodbad om, eller snarare når, opprørarane inntek hovudstaden Port-au-Prince. President Jean-Bertrand Aristide har sterk støtte blant dei rundt ein millionar menneske i det største slumområdet i byen, og i denne bydelen er det mykje våpen, fortel han.
Petter Skauen trur opprørarane kan innta hovudstaden i løpet av dei nærmaste dagane. Det einaste håpet er at det blir mogleg å kome fram til ein avtale mellom presidenten og opprørarane, seier han.
Baby Doc
Situasjonen på Haiti blir av mange observatørar samanlikna med det som skjedde i februar 1986, då den forhatte presidenten Baby Doc Duvalier vart tvungen til å forlate landet. Han arva presidenttittelen frå faren, og styrte landet med jernhand.
Røde Kors i Noreg sende i dag to feltsjukehus og to helsestasjonar til det kriseramma landet.
Diplomatiske kjelder på Haiti seier i kveld at FN har bede sine rundt 100 tilsette i landet om å reise frå øystaten. Opplysningane er ikkje stadfesta av FN