Hopp til innhold

Skytinga mot Vilks-møtet: – 30 skot fyrt av

KØBENHAVN (NRK): – Brått høyrde vi mange smell, alt skjedde veldig raskt, fortel Helle Merete Brix, som var ordstyrar under debattmøtet i København. Ho gøymde seg i eit kjølerom og heldt Lars Vilks i handa.

Skyting ved debattmøte i København

Skyting ved debattmøte i København.

Foto: Mathias Øgendal / NTB scanpix

Helle Merete Brix er medlem i Lars Vilks-komiteen, og var ordstyrar under debattmøtet i København.

– Paneldebatten var akkurat kommen i gang. Den franske ambassadøren hadde nettopp halde talen sin. Så høyrde vi brått mange smell. Alt skjedde veldig raskt, fortel Brix til NRK.

– Gjerningsmennene pressa seg inn gjennom døra og ville fram til scenen. Der sat Lars Vilks saman med meg og dei andre to i panelet.

Ho fortel at ho gøymde seg på kjøkenet saman med kunstnaren då skota fall.

– Eg låg i eit kjølerom og heldt Lars Vilks i handa. Han var svært roleg. Vi låg og fortalde kvarandre dårlege vitsar. Livvaktene hans gjorde ein formidabel jobb, seier Brix til danske TV2 News.

Ho seier til NRK at alt gjekk ganske roleg for seg, og at debatten heldt fram etter at politiet hadde rydda opp.

Politi på plass

Politiet var ikkje langt unna.

– Det var væpna politi til stades utanfor arrangementet, fortel satireforskar Dennis Meyhoff Brink til Jyllands-Posten.

– Det var mange PET-folk der (politiet si tryggingsteneste), og vi blei alle sjekka før vi gjekk inn.

– Like etter klokka 15.30 høyrde vi skot frå entreen. Nokre sprang ut, men eg torde ikkje gjere det, for det var også skot utanfor, seier han.

Kasta seg på golvet

– Eg trur det blei skote i rundt to minutt. Kanskje det var 30 skot alt, fortel Brink.

– Det kom inn folk frå PET. Den eine blei skoten i beinet. Dei tilkalla forsterkingar. Fleire politifolk kom springande inn gjennom lokalet med heva pistolar, og dei fekk så Lars Vilks ut ei bakdør, seier han.

– Folk kasta seg ned på golvet. Vi skjønte straks at dette var alvorleg, fortel eit anna augevitne til Ekstrabladet.

Skytinga starta utanfor eit arrangement der den franske ambassadøren talte om utfordringar med islamisme og ytringsfridom.

– Heilt sinnssjukt

Thomas Sørensen og Marie Louise Juul bur ikkje langt frå «Krudttønden» der terroråtaket i Østerbro i København fann stad.

– Vi kan berre ikkje forstå det, dette er eit veldig stille strøk, seier Thomas Sørensen.

Dei høyrde – saman med ei rekkje naboar i området – sirener like etter attentatet.

– «Krudttønden», der arrangementet fann stad, er eit roleg kulturhus, fortel Marie Louise Juul.

SISTE NYTT

Siste nytt