Elitestyrken av fallskjermsoldatar skal vere lojal til den tidlegare avsette presidenten Amadou Toumani.
– Sidan klokka 6 fredag morgon har tungt væpna soldatar frå alle einingar gått til åtak leiren, seier Yaya Bouare, eit medlem av spesialstyrken Røde Beretar, på telefon frå leiren.
– Det er mange såra i leiren, føyer han til.
Første sjølvmordsåtak
Fredag er det uro og valdelege åtak fleire stader i Mali. Ein mann har sprengt seg i lufta i nærleiken av maliske soldatar i byen Gao.
Dette skal vere det første sjølvmordsåtaket sidan Frankrike starta militærintervensjonen mot islamistane i Mali for ein månad sidan.
Sjølvmordsbombaren var tuareg, ifølgje militæroffiseren Mamadou Keita. Han sat på ein motorsykkel då han utløyste eit bombebelte han hadde på seg.
Ein person vart såra. Islamistgruppa MUJAO hevdar å stå bak sjølvmordsåtaket, melder nyheitsbyrået AFP.