Hopp til innhold

Skal ha ringt mamma frå krigsskipet «Moskva»: – Mange har avkutta lemmer

Det er taust frå russiske styresmakter om det sokne krigsskipet «Moskva». No kjem dei fyrste historiene om kva som kan ha skjedd.

Ukraina hevder den russiske krysseren Moskva ble truffet av ukrainske missiler. Russland har bekreftet at det var en kraftig brann om bord og at ammunisjon har eksplodert, men sier årsaken til at det begynte å brenne er ukjent.

«MOSKVA»: Ukraina hevda den russiske kryssaren «Moskva» blei treft av ukrainske missil. Kreml nekta for dette.

Foto: AP

– Han ringde meg og gret då han fortalde om det som hadde skjedd.

Mora til ein av dei vernepliktige marinegastane på det russiske krigsskipet fortel til avisa Novaya Gazeta Europe om kva som skjedde då krigsskipet blei treft.

Den russiske Missilkrysseren Moskva avbildet i desember 2015.

FLAGGSKIP: 15. april stadfesta russiske styresmakter at skipet hadde sokke i Svartehavet.

Foto: AP

Avisa skriv at dei har bevis på telefonsamtalen som sonen hadde med mora. Sonen tok kontakt med mor si 15. april, dagen etter krigsskipet sokk. Av sikkerheitsomsyn er begge anonyme.

Dei har også bilete som sonen har sendt og avisa skriv at dei difor vurderer historia som påliteleg. Samstundes skriv dei at dei ikkje kan bekrefta at han var om bord i Moskva då eksplosjonen skjedde.

– Det er tydeleg at ikkje alle overlevde, seier ho vidare til avisa.

Russland har innført strenge lover som forbyr russisk media å omtala krigen i Ukraina som ein krig.

Det har vore taust frå russiske styresmakter etter at dei kunngjorde nyheita om skipet. Intervjuet med mora inneheld dei fyrste moglege beskrivingane frå ein som skal ha vore om bord.

Hevdar rundt 40 døde soldatar

15. april stadfesta russiske styresmakter at skipet hadde sokke i Svartehavet, etter å tidlegare ha avvist ukrainske påstandar om dette.

Ukrainske styresmakter sa at skipet vart treft av to ukrainske missil. Russland hevdar skipet sokk som følgje av ein eksplosjon om bord.

Ifølgje det amerikanske forsvarsdepartementet var skipet mellom 60 og 65 nautiske mil sør for den ukrainske hamnebyen Odesa då det vart treft.

Les også Krigsskipet «Moskva» har sunket

Ukraina hevder den russiske krysseren Moskva ble truffet av ukrainske missiler. Russland har bekreftet at det var en kraftig brann om bord og at ammunisjon har eksplodert, men sier årsaken til at det begynte å brenne er ukjent.

Den russiske marinegasten skal ha fortalt at krigsskipet blei treft frå land og at dei forsøkte å sløkkja brannen om bord.

Mora fortel til avisa sonen ikkje ville fortelja i detalj det skrekkelege han hadde opplevd, men at han fortalde at fleire personar er sakna og at mange er såra

– Mange av dei har avkutta lemmer, hevdar mora vidare og fortel at sonen skal ha sagt at rundt 40 menneske skal vera døde.

Fleire er blitt bekrefta omkomne

Fleire av marinegastane har blitt bekrefta omkomne av familiemedlem.

Varvara Vakhrusheva, kona til 41 år gamle Ivan Vakhrusheva, bekrefta overfor Radio Liberty-journalistar i etterforskingsprosjektet «Schemes» at mannen hadde døydd då han tenestegjorde på skipet.

Ivan Vakhrushev. Krigsskipet Moskva.

BEKREFTA DØD: Ivan Vakhrusheva er ifølgje kona Varvara Vakhrusheva bekrefta omkomen.

Foto: Skjermdump

Ho skal ha blitt informert om dødsfallet 14. april. Ho sa også at 27 marinesoldatar var sakna.

Dmitry Shkrebets fortel at sonen hans, Yegor Dmitrievich Shkrebet, blei erklært sakna etter «Moskva» blei treft.

Yegor Shkrebets. Krigsskipet Moskva.

SAKNA: Yegor Dmitrievich Shkrebet var vernepliktig på krigsskipet «Moskva» og er ifølgje faren erklært sakna.

Foto: Skjermdump

Russlands flaggskip

Skipet «Moskva» blir beskrive som flaggskipet i den russiske Svartehavsflåten. «Moskva» hadde til dømes ei sentral rolle under den russiske krigføringa i Syria i 2015.

Det er det andre større krigsskipet som ukrainske styrkar har øydelagt.

Laurdag la det russiske forsvarsdepartementet ut ein video som skal visa besetninga om bord på Moskva. Dei hevdar at besetninga vart redda då skipet sokk.

Krysseren "Moskva" avbildet ved kai i havnebyen Sevastopol på Krimhalvøya 7. april.

SVARTEHAVSFLÅTEN: Kryssaren «Moskva» avbilda ved basen til Svartehavsflåten i Sevastopol på den annekterte Krim-halvøya 7. april.

Foto: AP

I videoen, som varer knapt eit halvt minutt, kan ein sjå titals sjøfolk i russiske marineuniformer, men klippinga gjer det vanskeleg å fastslå kor mange dei er.

Enkelte Twitter-brukarar har uttrykt skepsis til at det er så mange som dei rundt 500 ein går ut frå var om bord «Moskva» då skipet byrja å brenne.

SISTE NYTT

Siste nytt