Hopp til innhold

Sjølvmordsbombarar i burka

Minst 41 menneske vart drepne i ein dobbel sjølvmordsaksjon mot eit flyktningsenter i det nordvestlege Pakistan i dag.

To sjølvmordsaksjonar mot matkø i Kohat i Pakistan

Pakistansk politi og redningsarbeidarar på åstaden for det doble sjølvmordsangrepet.

Foto: Naveed Sultan / AP

Bombene ramma eit flyktningsenter i byen Kohat, opplyser ein lokal tenestemann, Khalid Khan Omarzai. Det er registrert over 60 såra. Dei to sjølvmordsbombarane var kledde i burka.

Den første sjølvmordsbombaren slo til medan folk stod i kø for å få utdelt mat. Den andre sprengde seg sjølv i lufta etter at redningsarbeidet var sett i gang.

- Talet på drepne stig heile tida, seier politisjefen i Kohat, Dilawar Khan Bangash.

Angrepa var retta mot Kacha Pukha-leiren i utkanten av garnisonsbyen Kohat. Det stod rundt 300 menneske i køa då bombene ramma.

FN reknar med at det er rundt 1,3 millionar interne flyktningar i det nordvestlege Pakistan på grunn av kampar mellom Taliban og pakistanske regjeringsstyrkar.

3200 menneske er drepne i sjølvmordsaksjonar i dette området dei siste tre åra. Det er i stor grad Taliban og ulike grupper som er knytte til Al Qaida-nettverket som står bak.

Mykje tyder på at angrepa var retta spesielt mot sjuamuslimar.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt