Hopp til innhold

Sierra Leone: Nær 2000 fangar rømde frå fengsel

Etter væpna åtak mot eit fengsel i hovudstaden Freetown søndag har over 1890 innsette rømd. Berre 23 er henta tilbake.

Medlemmer av sikkerhetsstyrkene forlater likhuset i Freetown i Sierra Leone.

OPPRØR: 13 medlemmer av militæret blei drepne etter det oppstod kampar og skotveksling i Freetown søndag.

Foto: SAIDU BAH / AFP

Uro og konflikt har prega dei siste dagane i det vest-afrikanske landet Sierra Leone.

Så langt er 13 soldatar og sju sivile drepne, etter det som starta som eit valdeleg åtak søndag.

– Vi jaktar alle som var involvert i det valdelege åtaket, blant dei noverande og pensjonerte tenestegjerande soldatar, seier talsperson for militæret, Issa Bangura.

Dei 13 soldatane skal ifylgje talspersonen ha vore blant dei som var lojale til militæret.

Søndag morgon blei eit våpenlager i hovudstaden angripe av væpna menn. Også politistasjonar og fengsel blei mål for opprørarane.

Eit vitne nyheitsbyrået Reuters har snakka med fortalde om vedvarande skyting i Freetown.

Væpna menn i gatene skal ha ropa om eit «reint» Sierra Leone, ifylgje BBC. Regjeringa har lagt skulda på «fråfalne soldatar».

Informasjonsminister Chernoh Bah seier til den britiske kringkastaren at åtaka mot militærbygningar og fengsel er alvorleg.

– Dette var koordinerte og skikkeleg planlagde åtak på tryggleiken og velferda i vår stat, seier Bah.

Ifylgje BBC-korrespondenten Umaru Fofana var gjerningspersonane iført militæruniformer og finlandshetter.

Frigjorde fengsel

I etterkant innførte styresmaktene i det vest-afrikanske landet eit landsdekkande portforbod. Forbodet om å bevege seg utandørs blei løfta seinare søndag.

President Julius Maada Bio sa i ein tale til nasjonen søndag kveld at dei fleste som hadde leia åtaket søndag var arresterte, og at det er starta etterforsking.

Folketom gate i Sierra Leone

Gatene i Freetown var tomme måndag sjølv om portforbodet er heva.

Foto: TJ Bade / AP

Måndag opplyste ein talsperson for eit fengsel i Freetown at 1890 innsette hadde rømd etter opptøyane.

I løpet av eit to timar langt raid køyrde gjerningspersonane ned porten til fengselet. Det skjedde etter at skyting og bruk av rakettkastar ikkje var nok for å bryte ned forsvarsverket.

Berre 23 personar skal så langt ha blitt henta inn att til fengselet. Styresmaktene har bede dei om å kome tilbake, og ynskjer tips frå publikum om kor dei innsette er.

Politisk krise

Sierra Leone er med sine dryge åtte millionar innbyggjarar eitt av verdas fattigaste land. I 2014 og 2015 var landet saman med Guinea og Liberia hardt råka av ein ebola-epidemi som kravde 11.300 menneskeliv.

Tilhengarar av president Bio feirar valsiger i Freetown

Tilhengjarar av president Julius Maada Bio feirar valsigeren 27. juni.

Foto: TJ Bade / AP

Sidan landet fekk sjølvstende frå Storbritannia i 1961 har politisk uro vore normalen, som fylgje av mellom anna korrupsjon. Under borgarkrigen mellom 1991 og 2022 blei over 50.000 personar drepne.

President Julius Maada Bio har sete ved makta sidan 2018, og tok i sommar fatt på sin andre presidentperiode.

I juni blei han vald på ny med 56,2 prosent av røystene.

Stemninga har vore spent i landet sidan, ettersom opposisjonen og internasjonale partnarar som USA og Den europeiske union har stilt seg tvilande til valresultatet.

SISTE NYTT

Siste nytt