Også under talen måtte Maria Schriver kysse litt på guvernørmannen sin. (Reuters-foto)
- Eg er så stolt og rørt over å bli guverenøren dykkar at eg ikkje har ord, sa den austerrikske kroppsbyggjaren og skodespelaren til dei rundt 8000 gjestane og journalistane som var til stades under seremonien i delstatshovudstaden Sacramento.
Blant gjestane var fire tidlegare guvernørar, mange Hollywood-kjendisar og utanlandske dignitærar. Også avtroppande guvernør, Gray Davis frå Det demokratiske partiet, var til stades. Han gratulerte etterfylgjaren sin på det hjartelegaste.
Arnold Schwarzenegger vart teken i eid som ny guvernør i California i kveld. I midten kona Maria Schriver. (Reuters-foto)
Ein stor dag for Arnold Schwarzenegger og kona Maria Schriver. (Reuters-foto)
Berre 8000
Schwarzenegger hadde gjort det klart at han ikkje ville sløse med offentlege pengar til seremonien, og derfor var ikkje fleire enn 8000 med på festen. Sjølv strålte han på podiet saman med kona si Maria Schriver, som er ein ekte Kennedy.
Ho er dotter til ei av systrene til dei vidgjetne Kennedy-brørne John F., Robert og Edward. Dei fire borna deira var også med på feiringa.
I talen sin i kveld lovde den 38. guverenøren i California si historie å føre delstaten ut av den djupe økonomiske krisa.
Si første politiske avgjerd som guvernør tok han ved å tekkje tilbake ei upopulær lov om auka skatt på bilhald som skulle skaffe den slunkne delstatskassa 4,3 milliardar dollar, rundt 25 milliardar norske kroner. Desse pengane må han no få inn på andre måtar.
I ein 12 minutt lang tale, der han stadig vart avbroten av applaus, sa Schwarzenegger blant anna at valet av han som guvernør var folket sitt veto mot tradisjonell politikk.
Det dramatiske
- Med verdas auge mot oss gjorde vi det dramatiske. No må vi leggje den vanskelege fortida bak oss, vi må gjere det ekstraordinære, sa han til stor applaus frå festlyden.
Avtroppande guvernør Gray Davis gratulerer Arnold Scwarzenegger. (AP-foto)
- Dette er ein ny dag for California, heldt han fram. - Min nye administrasjon handlar ikkje om politikk. Det handlar om å berge California.
Jordskjelv og brann
Schwarzenegger gjorde eit nummer av at California hadde overlevd jordskjelv, flaumar og brannar, og han lovde tøffe tak for å kome ut av den svært vanskelege økonomiske situasjonen.
- Slik California har kome tilbake etter naturkatastrofane, skal vi også kome tilbake etter den økonomiske krisa, sa han.
Den nye guvernøren i California har vore amerikansk statsborgar i 20 år. Han reiste frå Austerrike for å få sving på karrieren som kroppsbyggjar. Han vart kåra til Mr. World, og seinare gjorde hans stor suksess som action-skodespelar i Hollywood.
Her her heile familien Schwarzenegger/Schriwer samla. (Foto: Reuters)