Kherson var den einaste regionhovudstaden Russland klarte erobre under offensiven våren 2022.
Det er nestleiaren for president Volodymyr Zelenskyjs administrasjon, Kyrylo Timosjenko, som på Telegram har lagt ut bilete frå formiddagens angrep på den store administrasjonsbygningen i hjartet av byen.
– Rundt klokka 11 skaut rasjistene (eit namn for dei russiske styrkane, red.anm.) rakettar mot sentrum av Kherson, skriv han.
Restar av det som kan vera ein av rakettane som Russland i dag skaut mot administrasjonsbygningen i Kherson.
Foto: Kyrylo Timosjenkos TelegramkanalDesse rakettane fall ned på bygningen til fylkesadministrasjonen i Kherson og skadde to etasjar i bygningen, ifølgje Timosjenko.
Store skadar på bygningen
Han har også lagt ut fleire bilete som viser store skadar på den store bygningen, som er bygd i klassisk stil frå den tida Ukraina var ein del av Sovjetunionen.
Det er store øydeleggingar inne i administrasjonsbygningen i Kherson.
Foto: Kyrylo Timosjenkos TelegramkanalDen ukrainske statsadvokaten opplyser at minst seks menneske vart skadde i dagens angrep mot Kherson.
Ein russisk bloggar har også lagt ut ein video som skal vise angrepet på administrasjonsbygningen i Kherson.
Kherson tatt tilbake i november
Dei russiske styrkane har angripe Kherson dagleg etter at byen vart tatt tilbake av dei ukrainske styrkane 11. november.
Den ukrainske presidenten besøkte Kherson 14. november. Same dag var også NRK inne i byen.
Gjenerobringa av Kherson blir sett på som ein av dei største sigrane i den no meir enn ni månader lange krigen i Ukraina.
INSTITUTE FOR THE STUDY OF WAR AND AEI'S CRITICAL THREATS PROJECT / NRK (Oppdatert 13. desember 2022)
INSTITUTE FOR THE STUDY OF WAR AND AEI'S CRITICAL THREATS PROJECT / NRK (Oppdatert 13. desember 2022)
Stort droneangrep mot Kyiv
Samstundes seier ukrainske styresmakter at dei skaut ned alle dei dronane som Russland sende mot Kyiv onsdag.
– 13 dronar er skotne ned, seier Serhii Popko, sjefen for den militære administrasjonen i hovudstaden.
Heller ikkje i Kyiv er det meldt om drepne etter dagens droneangrep.
Russland har fått eit stort antal dronar frå Iran, men det ukrainske forsvaret har etter kvart lært seg korleis dei skal møte denne nye trusselen.
NRKs team i Ukraina var onsdag morgon i området der ei av dei nedskotne russiske dronane hadde falle ned.
Dei kunne sjå skadar på hus og mange øydelagde vindauge.
– Eg låg og sov då vindauget vart knust, fortel ein mann NRK møtte i området.
– Heldigvis var gardinene trekte for slik at ingen vart skadde av glaset, seier han.