Hopp til innhold

Klokka tikkar for Putin: – Moskva har vore taus heile dagen

Europa truar med skjerpa sanksjonar mens Zelenskyj krev våpen­kvile før eit møte med Putin. Uakseptabelt med ultimatum, svarar Russland.

En kollasj av Vladimir Putin og Volodymyr Zelenskyj

VÅPENKVILE? Putin og Zelenskyj har kvar sine forslag til forhandlingar om krigen.

Foto: [MIKHAIL KLIMENTYEV, THIBAULT CAMUS] / AFP / NTB

– Moskva har vore taus heile dagen. Ei veldig merkeleg stillheit, seier Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj måndag kveld.

Gjennom dagen har det vore stor spenning knytt til moglege forhandlingar mellom Russland og Ukraina.

Om det no kan bli eit møte mellom Zelenskyj og Russlands president Vladimir Putin, er også eit ope spørsmål.

Forslaget kom frå Putin i helga, men sidan har ikkje Kreml kommentert eit slikt møte direkte.

Les også Putin foreslår samtaler med Ukraina – Zelenskyj er positiv

Putin foran et russisk flagg

Dei to rivalane har ikkje møttest sidan desember 2019. To år og to månader seinare gjekk Russland til fullskala krig mot Ukraina.

Krev våpenkvile måndag

– Vi er dedikerte til å finne høve for ei langsiktig og fredeleg løysing, sa Putins talsperson Dmitrij Peskov tidlegare måndag.

Han snakka med journalistar i Moskva måndag ettermiddag, ifølge Reuters.

Ekspertar meiner Putin er under sterkt press etter at Ukraina og «koalisjonen av villige land» laurdag kom med eit forslag om våpenkvile.

Den skal vere utan vilkår og vare i 30 dagar frå og med måndag, krev koalisjonen.

Om Russland ikkje følgjer opp, ventar skjerpa sanksjonar frå Europa.

En gruppe menn i dress

Det var god stemning blant alvoret då Zelenskyj fekk storfint besøk frå Europa i helgen. Frå venstre: frå fire europeiske statsleiarar velkommen til Kyiv i helgen:

Foto: Stefan Rousseau / Reuters / NTB

Seinast måndag ettermiddag varsla Tyskland at dei vil sanksjonere Russland viss Putin ikkje godtek forslaget innan dagen er omme.

– Man kan ikkje bruke slikt språk mot Russland, sa Peskov då han timar seinare fekk spørsmål om det tyske utsegna.

Han seier også at eit ultimatum er «uakseptabelt».

Zelenskyj: – Trump kunne blitt med

Ukrainas utanriksminister, Andrij Sybiha, skuldar Russland for å «kaste bort ei moglegheit».

– Russarane ignorerer forslaget fullstendig. Dei held fram med å angripe ukrainske posisjonar langs heile frontlinja, skriv han på X.

Ukrainian Foreign Minister Andrii Sybiha looks at a stand showing Ukrainian weapons at the biennial International Defense Exhibition and Conference arms show in Abu Dhabi, United Arab Emirates, Monday, Feb. 17, 2025. (AP Photo/Jon Gambrell)

Ukrainas utanriksminister Andrii Sybiha. Biletet er tatt i februar.

Foto: AP

Forslaget frå Russland gjekk ut på å starte direkte samtaler med Ukraina i Istanbul torsdag 15. mai.

Det har fått støtte frå fleire land, hevdar Peskov.

– Møtet er veldig viktig, seier USAs president Donald Trump i 16-tida måndag.

Dei siste månadene har det vore fredsforhandlingar i regi av USA. No opnar Zelenskyj for at Trump deltek på eit potensielt møte i Istanbul.

Donald Trump med hvitt skjegg
Foto: Alex Brandon / AP / NTB

– Alle i Ukraina ville sette pris på om Trump kunne blitt med oss på møtet, skriv han i ei melding på X.

Trump utelukkar ikkje at han tek turen.

– Eg vurderer det. Ikkje undervurder torsdag i Tyrkia, seier han under ein pressekonferanse måndag.

Volodymyr Zelenskyj

Zelenskyj seier han er klar til å møte Putin. Her er han avbildet i Kyiv for nokre dagar sidan.

Foto: STEPHANIE LECOCQ / AFP / NTB

Zelenskyj har sjølv sagt han er klar for eit møte – viss Russland godtek våpenkvile måndag.

– Eg ventar på Putin i Tyrkia. Personleg. Eg håper dei denne gongen ikkje kjem med unnskyldningar, skreiv han på Telegram sundag kveld.

Søndag sa Tyrkia at dei er klare til å vere vertskap.

Russiske politikarar i tvil

Mykje er framleis usikkert om det potensielle møtet i Istanbul kommande torsdag.

Særleg om Putin vil gå med på å møte Zelenskyj ansikt til ansikt.

Vladimir Putin, Emmanuel Macron og Volodymyr Zelenskyj poserer for et bilde

Blir det reprise? Sist gong Zelenskyj og Putin møttest var i Paris mot slutten av 2019. Her med Frankrikes president Emmanuel Macron, som no er blant dei europeiske leiarane som krev våpenkvile frå Putin.

Foto: ALEXEY NIKOLSKY / AFP / NTB

Måndag har fleire russiske politikarar sådd tvil om høvet for eit møte på toppnivå – altså mellom statsleiarane sjølve.

Konstantin Kosatsjov, som er nestleiar i det russiske overhuset, seier til TV-kanalen Rossija at eit slikt møte må planleggast lang tid på førehand.

Forholda ligg ikkje til rette for det no, meiner han.

Kanskje kan «ekspertgrupper» frå dei to landa møtast i staden, seier ein annan politikar.

Barth Eide: – Smart av Zelenskyj

– Eg trur det kjem til å skje mykje i dagane framover, seier utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) til NRK måndag.

Han skal sjølv reise til Tyrkia denne veka.

En mann i dress og slips foran grønne busker.

Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

Onsdag og torsdag er det nemleg eit uformelt utanriksministermøte i Antalya, der også USAs Marco Rubio skal delta.

– Eg trur det var eit smart grep av Zelenskyj å seie at han var villig til å møte Putin direkte, for det legg ballen hos han, seier Barth Eide.

Kartet viser russisk-okkuperte område i Ukraina per 10. mai.

No er rekkefølgja viktig, understreka utanriksministeren tidlegare måndag.

Reelle fredssamtalar vil best skje viss ein har blitt einige om å i alle fall slutte kampane midlertidig, sa Barth Eide.

Interessert i utanriks? Høyr redaksjonens podkast:

SISTE NYTT

Siste meldinger