Hopp til innhold

Paris i sorg etter terroråtak

Parisarar og franskmenn vaknar i dag til eit land i unntakstilstand. Fleire enn 120 er døde i det som er det største angrepet på landet sidan andre verdskrig.

FRANCE-ATTACKS-PARIS

Tekniske undersøkingar

Foto: KENZO TRIBOUILLARD / Afp

På morgonkvisten snakkar ein i franske medium mykje om unntakstilstanden, som president François Hollande var raskt ute med å erklære fredag kveld. Det meste av offentlege stader er stengde i dag, og folk blir råda om å halde seg inne. Etter Algeriekrigen er denne berre sett i verk to gonger; i 1985 og i 2005, under opptøyane i forstadene til Paris.

Avisforsidene laurdag taler for seg; svart bakgrunn, blodbad, krig og avsky er ord som går igjen. At angrepet skjedde i eit populært utelivsområde ein fredag kveld forsterkar sjokket og avskyen mange kjenner.

Innholdet som lå her kan ikke vises.

Uvissa er framleis stor rundt terrorangrepet som råka den franske hovudstaden fredag kveld og drap minst 120 menneske.

Stor mobilisering i sosiale medium

Mobiliseringa var stor i sosiale media då dei grufulle hendingane stod på. Emneknaggen #PortesOuvertes, opne dører, spreidde seg raskt, og fleire enn 460.000 tweets vart publiserte i løpet av eit par timar, ifølge Actualité24. Tusenvis av parisarar tilbaud seg å huse menneske som var ute i gatene og ikkje kom seg nokre stader.

Taxisjåførar slo av taksameteret og køyrde i skytteltrafikk for å få folk heim.

Facebook gjorde det mogleg for folk som var registrerte i Paris å markere til vener og kjende at dei var i tryggleik.

Støtteerklæringar frå heile verda

Lyset i Eiffeltårnet vart slukt i sorg over dei døde, samstundes som mange kjende bygningar andre stader i verda lyste opp i det franske flaggets fargar. Støtteerklæringar kjem inn frå heile verda, og folk har markert hendingane over heile verda. Eit Eiffeltårn integrert i eit fredsteikn har spreidd seg i sosiale medium.

Innholdet som lå her kan ikke vises.

saka vert oppdatert

SISTE NYTT

Siste meldinger