Hopp til innhold

Øving skremde Washington

Kystvakta avfyrte skot mot "mistenkjeleg båt" på Potomac-elva i Washington, i det som viste seg å vere ei øving.

Potomac
Foto: Scanpix/Reuters

I ettermiddag vart det meldt at den amerikanske kystvakta hadde avfyrt fleire skot mot ein båt på Potomac-elva sentralt i Washington.

Skytinga skjedde samstundes med at president Obama var på veg til ein minneseremoni for offera etter terrorakasjonane 11. september 2001.

Les også: Hedret ofrene etter 11. september

Amerikanske medium var ikkje informerte om øvinga og trudde kystvakta var i ferd med å avverge eit åtak retta mot minnemarkeringa i Pentagon.

Video nsps_upload_2009_9_11_16_37_56_1354.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Video: Mistenkjeleg båt på Potomac-elva var ei øving.

- Skaut mot "mystisk båt"

Fyrst vart det rapportert at kystvakta skaut mot ein båt i nærleiken av Pentagon. Båten køyrte inn i den delen av Potomac River som er ulovleg å ferdast på fordi denne går forbi fleire viktige bygnader i Washington.

Den mystiske båten skulle ha vorte kalt opp på radiosambandet fyrst, men svarte ikkje. Deretter skal kystvakta ha fått løyve til å avfyre skot. CNN melde fyrst at kystvakta losna elleve skot mot båten.

Seinare vart det klart at det heile var ei øving. Ifølgje FBI og kystvakta sjølv vart det ikkje avfyrt skot.

Markering for offera

Det går i dag føre seg minnemarkeringar også ved World Trade Center i New York og i Shanksville i Pensylvania.

Til saman 2976 personar døydde i åtaka mot USA 11. september 2001.

SISTE NYTT

Siste nytt