– Sidan Ulf Kristersson ikkje handterer situasjonen, vil vi i Vänsterpartiet, Socialdemokraterna, Centerpartiet og Miljöpartiet handle.
Det sa den svenske opposisjonen på ein pressekonferanse måndag.
Partia ønsker å stemme over om sverigedemokrat Richard Jomshof kan halde fram med å leie Riksdagens justiskomité.
– Han spreier hatefulle bodskapar, har oppfordra til bokbrenning og deler innlegg der statsministeren blir kalla ynkeleg, sa Ardalan Shekarabi (S).
Opposisjonen meiner at Jamshof set svenske interesser og svensk tryggleik i fare. Dei meiner også at sverigedemokraten set dei i ein alvorleg diplomatisk situasjon etter koranbrenningane i landet.
I tillegg meiner dei at han går imot statsministeren, mellom anna ved å oppfordre til å brenne enda fleire koranar.
Sosialdemokrat Ardalan Shekarabi meiner at sverigedemokrat Richard Jomshof spreier hatefulle bodskapar.
Foto: Stefan Jerrevång / TT / NTBForlèt ikkje posten frivillig
Men Jomshof vil ikkje forlate vervet som leiar av Riksdagens justiskomité. Han gir opposisjonen skuld i å skape politisk uro:
– I ein situasjon der Sverige treng samhald og stabilitet, søker opposisjonen konflikt og splitting for eiga vinning. Vi må hugse på at den sikkerheitspolitiske situasjonen er eit resultat av politikken opposisjonen har ført gjennom sine år ved makta.
Det skriv Jamshof i ein kommentar til nyheitsbyrået TT.
Hezbollah-tilhengarar brenn det svenske flagget under ein protest mot brenninga av Koranen i Sverige.
Foto: Bilal Hussein / APKritikken mot Jomshof handlar mellom anna om eit innlegg han har skrive på X/Twitter.
Sverigedemokraten har mellom anna kalla profeten Mohammed for ein «massemordar, slavehandlar og røvar». Han har også kalla islam for ein «antidemokratisk, valdeleg og kvinnefiendtleg» religion.
Sjølv seier han at innlegga er eit forsvar for svenske, demokratiske verdiar.
Tryggleiken til svenskane forverra
Sverige er i den mest alvorlege sikkerheitspolitiske situasjonen sidan andre verdskrigen. Det sa den svenske statsministeren i slutten av juli, før han kalla inn til møte om koranbrenningane.
Søndag skreiv det britiske utanriksdepartementet i eit oppdatert reiseråd at det er svært sannsynleg at terroristar vil prøve å utføre angrep i Sverige.
Dei ber derfor besøkande om å vere på vakt.
I reiserådet blir det også peika på at svenske styresmakter har hindra fleire angrep. Landet blir no rekna som eit «prioritert mål» for terrorangrep.
Salwan Momika er ein kjend koranbrennar i Sverige.
Foto: Oscar Olsson / TT / NTBMen også i utlandet er tryggleiken til svenskane forverra. Fleire stader i land med høg muslimsk befolkning, har folk demonstrert mot koranbrenningane i Sverige.
For tre veker sidan storma ei gruppe sinte unge demonstrantar den svenske ambassaden i den irakiske hovudstaden, Bagdad. Dei ropte slagord og sette fyr på bygninga.
I Irak reagerer demonstrantar på at den svenske statsministeren Ulf Kristersson ikkje gjer nok for å hindre koranbrenningar.
Foto: AHMAD AL-RUBAYE / AFPDen irakiske regjeringa fordømte storminga og sa at dei ansvarlege vil bli straffa. Men den diplomatiske krisa mellom landa har eskalert.
Irak har utvist den svenske ambassadøren og kalla tilbake sin eigen.
I tillegg har styresmaktene kansellert arbeidsløyvet for tilsette i det svenske teleselskapet Ericsson. Dei har også forbydd handel med svenske selskap.