Obama slo vitsar om korleis attvalet har gjort han i stand til å gjennomføre radikale endringar i amerikansk politikk, men klaga over at jobben som president har gjort han gammal.
– Muslimsk sosialist
Komikaren Conan O' Brian fekk stor applaus for sitt innslag på festen.
Foto: BRENDAN SMIALOWSKI / Afp– Eg ser meg sjølv i spegelen om morgonen, og eg må innsjå det. Eg er ikkje lenger den kraftfulle unge muslimske sosialisten eg ein gong var, sa han blant anna, til høglydt latter frå festlyden.
I valkampen før han vart valt til president for første gong var det ein del konservative politiske motstandarar som meinte at Obama eigentleg var ein fordekt muslim, medan andre igjen skulda han for å ville innføre sosialisme i USA.
Etterpå viste han fram ein biletmontasje der Obama hadde ein pannelugg mistenkjeleg lik den som fru Michelle hadde under innsetjingsseremonien tidlegare i år.
Uformell Obama fekk frem latteren
Både spøk og alvor
Obama serverte også vitsar om milliardæren Sheldon Adelson, som brukte ein formue på å prøve å få Mitt Romney valt til president i 2012, og på fleire republikanske kandidatar til Kongressen. Han hadde også stikk å kome med til dei fire store medienettverka i USA og til politiske motstandarar i Det republikanske partiet.
Den amerikanske presidenten var også alvorleg i talen sin. Han takka pressa for den konstruktive rolla dei har spelt blant anna i samband med terroraksjonen under Boston maraton og under den katastrofale eksplosjonen i ein gjødselfabrikk i Texas.
LES OGSÅ:
Stor kjendisfest
Sørkoreanske Psy, kjend for Gangnam style, var ein av gjestane på korrespondentmiddagen.
Foto: JONATHAN ERNST / ReutersDet var rundt 3000 gjestar under den årlege middagen. Ved sida av journalistar og redaktørar frå ulike mediebedrifter, var det også fullt opp med andre kjendisar. Blant dei meir eksotiske var den sørkoreanske rapparen Psy, som vart verdskjend for sin «Gangnam style».
Conan O' Brian var i storslag under sitt standup-show, og komikaren hausta stor applaus for blant anna ein fotomontasje der Washington og Hollywood vart godt sausa saman.
Andre stjerner til stades var blant andre Barbra Streisand, Bradley Cooper, Michael J. Fox, Kevin Spacey, Michael Douglas, Steven Spielberg og George Lucas.
Det som tradisjonelt var ein middag for dei politiske journalistane i Washington og politikarar og embetsfolk, har utvikla seg til å bli ein gigantisk kjendisfest.
Barack Obama hausta stor jubel under talen sin på den årlege korrespondentmiddagen i Det kvite hus.
Foto: BRENDAN SMIALOWSKI / Afp