Dermed er Obama den første sitjande president som går inn for ekteskap mellom to personar av same kjønn.
Det var i eit intervju med tv-kanalen ABC at Obama kom med annonseringa, skriv Huffington Post.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Blitt pressa i fleire år
Barack Obama er i dag blitt historisk ved at han er den første sitjande presidenten som gir støtte til ekteskap mellom same kjønn.
Foto: LARRY DOWNING / ReutersDet homofile miljøet i USA har i fleire år oppfordra presidenten til å snu i ekteskapsspørsmålet. Temaet har vore oppe i den offentlege debatten i USA dei siste vekene, og presset har dermed auka på Obama.
På søndag fortalte visepresident Joseph Biden at han personleg var komfortabel med homofile ekteskap. Dagen etter gjekk også utdanningsministeren i USA ut og sa det same.
Men det er ikkje berre grunn for å feire for dei homofile i USA. I går vedtok nemleg delstaten Nord-Carolina ein lov som definerer eit ekteskap for å vere mellom mann og kvinne.
Obama gav uttrykk for vonbrot over lova, men det var openbart vanskeleg for han å fordømme lova samtidig som han sjølv ikkje ville gi si støtte til homoekteskap.
Minimal politisk innverknad
Det at Obama no går inn for homofile ekteskap vil ikkje ha noko stor politisk innverknad. Det meste vert nemleg avgjort på delstatsnivå eller i rettssalane. Til dømes så vedtok retten i California i februar i år at eit forbod mot homofile ekteskap var i strid med Grunnlova.
Likevel er det klart at Obama si støtte vil ha ein svært stor symboleffekt. Ved å vere den første presidenten som går inn for homoekteskap gjer han terskelen mykje lågare for andre politikarar.
Det er i dag 30 amerikanske statar som har eit forbod mot homofile ekteskap.