Hopp til innhold

Nytenking trengst i Afghanistan

Vi har denne veka fått merke at vi slåst med ein ny fiende i Afghanistan. Åtaket som ramma nordmennene på hotell Serena viser framfor alt at Taliban ikkje er det dei var. I kor stor grad NATO-nærveret har skulda for å ha skapt eit nytt uhyre, veit Taliban sjølv best – men dei snakkar vi jo ikkje med.

Abdul Salam Zaeef
Foto: JOHN MCCONNICO / AP

KOMMENTAR: Sigrun Slapgard
Foto: NRK

Det sit ein kar i Kabul som eg nesten hadde gløymt. I si tid appellerte han til USA om at det var viktig å skjøne skilnaden på Bin Laden og Taliban.

Som den einaste Talibanutsendingen i dialog med media og omverda, brukte han tida framfor mikrofonane til å fordømme terrorangrepa den 11. september og til å komme med ein forgjeves appell: ”La oss få stille Bin Laden for ein islamsk domstol,” sa han.

Og han fekk ikkje berre blankt avslag frå USA; han fekk ein invasjon til svar. Sjølv vart han lagt i lenker og ført til Guantánamo. Mannen i svart turban vart borte for oss.

Mullah Abdul Salam Zaeef er namnet. No er han altså tilbake i Kabul, amerikanarane fann ingenting valdeleg å skulde han for. Men for alt vi veit er han ein ny slags nøkkelperson. Igjen er han av og til å finne framfor mikrofonane.

Og Mullah Abdul Salam Zaeef gir meir interessante intervju no som han ikkje treng å ta dei samme omsyna. Dei siste par åra har han snakka med europeisk presse og sist veke med Morgenbladet.

Zaeef snakkar om dialog. Sjølv vil han ikkje lenger tilhøyre Taliban, han vil ikkje krige eller drive med terror, like lite som han ville det den gongen for over seks år sidan.

Zaeef vart med i Taliban for å skape fred i krigsherrelandet, hevdar han. Han er ein moderat islamist med mild og diplomatisk tale.

Nei – ikkje alltid, forresten. Han vik ikkje unna for å fordømme faktiske forhold, som det at han vart mishandla av sine amerikanske fangevakter.

Jubel på forskot

"Taliban overgir seg" heitte meldinga vi sendte ut over eteren kvelden den 6. desember 2001.

Dei fleste av oss visste fint lite om Mullah Omar, kanskje litt meir om Osama Bin Laden som Fritz Nilsen trass alt hadde intervjua nokre år før.

Om Bin Laden visste vi til dømes at han var trena opp av amerikanske agentar den gongen han var brukande i kampen mot Sovjet.

No var vi gitt eit bilete som sette fellestrekk mellom den CIA-skapte terroristen og det afghanske, mullahstyrte Taliban-regimet. Det verka usannsynleg at Taliban skulle hatt fredelege intensjonar med alt dei hadde innført av strenge islamistiske regelverk.

Eit aldri så lite positivt trekk var viljen til å svi av opiums-åkrane, om det kanskje ikkje var med like stor jubel det internasjonale hjelpekorpset måtte sjå at spriten også gjekk på bålet.

Det verka svært sannsynleg at Taliban-gjengen måtte vere like terroristisk innstilt som mannen dei hadde husa, Bin Laden.

Seinare har vi jo dessutan fått høre at Bin Laden sikra familiebanda til Mullah Omar gjennom ei av sine mange koner.

Det kjentes som ein siger denne vanskelege hausten 2001. Og det minska den plagsamme merksemda om at den mest ettersøkte person i verda, Bin Laden, framleis var på frifot.

Heretter kunne det vel berre bli betre? I vår felles psykoterapi etter 11. september kunne til og med Bondevik stå der jublande og vinke farvel til norske fly med kurs mot opprydding og orden i det ugreie fjellandet.

Og vi var snart ein nasjon der kvar familie har ei ungjente eller unggut på oppdrag i Afghanistan og som vi alle er opptekne av å støtte heilhjarta opp om.

Men var analysen vår treffsikker nok? Visste vi nok om det samfunnet som hadde sett seg tent med eit Taliban-styre til å vere sikre på kven som var fienden? Vi hadde kanskje heller ikkje tid til å lytte på ei og anna russisk erfaring med Afghanistan?

Nedslåande fakta

Over seks år etter den optimistiske meldinga vi sendte ut i desember 2001, at Taliban hadde overgitt seg, er overskriftene no det motsette: Taliban har styrkt seg.

Og under overskriftene blir det spesifisert korleis Taliban også har blitt eit enda verre troll å kue.

Ein kan ramse opp nedslåande fakta: Dei Taliban-krigarane som fall eller vart tatt til fange denne vinteren var betre utstyrt enn nokon gong, dei har blitt tatt lengre unna sitt kjerneområde enn før og dei har slått til i overraskande terror- og sjølmordsaksjonar ulikt sin tidlegare geriljataktikk.

Og som ikkje dette er ille nok for Afghanistan, så vinn dei også styrke i Pakistan. Kva har gått feil? Taliban har i alle fall brukt tida godt, ser det ut til. Taktikken til NATO ser det verre ut med. I beste fall sprikar den.

Attpå til må vi tåle kritikk frå USA om at vi europeiske NATO-allierte ikkje leverer godt nok.

Eg spør meg kva slags analyse som ligg bak kritikken? Er det meir militær aggresjon som er ønska? Når alt har gått i feil retning med så mykje militært nærver som det alt no er i Afghanistan, er svaret då endå meir, større , sterkare – kraftigare krutt?

Eg undrar om ikkje fakta viser at det er nettopp miltiæraksjonane, som ikkje alltid er mest treffsikre når dei er massive, som har skapt og gitt Taliban ny oppslutning – ja til og med ei folkeleg støtte som dei tidlegare sakna somme stader.

Det kan sjå ut som mang ein afghanar i aversjon mot NATO og kanskje særleg mot amerikanske styrkar, vender seg til Taliban.

At hatet mot Bush og Amerika har skaffa Taliban pakistansk oppslutning er det lenge sidan vi fekk vite, at regruppering og utanlands styrking av både Al Qaida og Taliban har ført terrorhandlingane langt inn også i Pakistan, har vi sett gjennom året som gjekk – med drapet på Bhutto som siste eksempel.

Håp om dialog?

Kan ein mann som sit i Kabul og snakkar om forhandling ha eit håp? Mullah Abdul Salam Zaeef lar seg visst bruke som bodbringar no.

Ein skulle ikkje tru at fleire års opphald på Guantánamo gav god grunntrening til demokratisk vilje, ”vår” mann i Kabul dyrkar då også sitt Amerika-hat.

Men Zaeef seier at han også meir enn nokon er villig til å dyrke trua på ei fredeleg utvikling for Afghanistan, denne trua på fred for eit land i evig stammekrig som i tid førte han til Taliban.

Men no ser han altså eit radikalisert Taliban som har forlate prinsippa han sjølv trudde på.

Når Zaeef likevel har tru på eit mellomsjikt i det gamle Taliban som det kan vere fornuftig å snakke med, er det kanskje eit godt tips til dei som skal tenke nytt i NATO?

Men så lenge Guantánamo får stå, er det kanskje lite håp for oss som gjerne vil like å tru at vi kjempar for felles demokratiske rettar. Det går mot ein heit vår, både i NATO og i Afghanistan.

SISTE NYTT

Siste nytt