Hopp til innhold

Forgjengelege fakta om Irak-krigen

Kven støtta kven, og har nokon grunn til å be om orsaking for alt som går så dårleg i Irak?

Den som skriv historia har privilegiet av å underslå visse ubehagelege fakta. Men vi skal alle leve med den verda som er skapt. Her kjem litt hjelp til å hugse:

Saddam Hussein-statue i Bagdad.
Foto: JEROME DELAY / AP

I dag, mens vi stadig får skrekkscener innover oss frå Bagdad, skal eg minne om nokre fakta frå vår nærmaste fortid.

- Irak må velje mellom det gode og det vonde, sa president Bush, verdas stabilitet er i fare.

Dette sa han, ikkje i går, men den 7. september 2002. Den gongen for over fire år sidan, hevda han å ha bevis for at Saddam Hussein i tillegg til å vere ein grufull diktator, også hadde planar om å gå til angrep på verda. Nokre aluminimumsrør skulle prove at det handla om atomvåpen som snart kunne fyrast laus.

Trussel 

Den gongen likte vår eigen statsminister, Kjell Magne Bondevik, talen til Bush. Til NRK sa han at den amerikanske presidenten teikna eit overtydande bilde av Saddam Hussein som ein trussel mot verdsfreden.

I avisene våre stod det overskrifter som ”Har snart atombombe”, ”Fryktar bio-terror”, ”Solgte uran til Irak.”

Litt seinare på hausten la den britiske statsministeren Tony Blair fram det han kalla dokumentasjon på at Saddam Hussein hadde masseøydeleggingsvåpen som kunne avfyrast mot andre land innan 45 minutt. Dette var den 24. september 2002.

Den 16. oktober samme år orienterte utanriksminister Jan Petersen Stortinget om trusselen frå Irak. Eg siterer: ”Irak skal ha et aktivt atomvåpenprogram og innen kort tid være i stand til å utvikle kjernefysiske våpen dersom regimet får tilgang til høyanriket uran. Vi har i tillegg blitt gjort kjent med at Irak har leveringssystemer som gjør det mulig å angripe nabolandene med slike masseødeleggingsvåpen.”

Demonstrasjon

Kanskje hugsar du denne hausten bedre enn både Bondevik og Petersen? For alt eg veit var du ein av dei som gjekk ut i gatene for å åtvare Bondevik og Petersen om å vere for ivrige i å følgje sine informantar?

For andre litt høgare opp, trur eg det er verre med hugsen. Kanskje hugsen blir dårlegare dess tjukkare bøker du skriv? For min eigen del hugsar eg diskusjonen om det var lov også for journalistar å gå ut i gatene å demonstrere. For å hindre at Norge braut folkeretten kunne det kanskje vere lov, meinte mange av oss. Men for ein NRK-tilsett var det åpenbart ikkje akseptabelt å stille seg i spissen for folkehavet.

Kva var eigentleg problemet viss alt var så greit som Bondevik og Petersen og Solberg meiner å hugse det? Om det er riktig at heller ikkje Bondevik vurderte å gå med ”dei villige”?

Sikkerheitsrådet

Kan eg få minne om eit par symptom på krysspress: Den 20. desember 2002 sa Bondevik til NTB at det kunne tenkast at Norge kom til å støtte krig mot Irak UTAN eit vedtak i Sikkerheitsrådet. Dette skapte stor forvirring og ei uroleg jul for oss alle. To veker seinare sa Bondevik noko heilt anna: Norge kan berre støtte ein militær aksjon mot Irak som er heimla i eit nytt FN-vedtak, sa han til NRK den 6. januar 2003.

Kjell Magne Bondevik og Jan Petersen
Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Kva hadde skjedd? Stod han først under press frå sin eigen utanriksminister om å følgje USA og Storbritannia? Vart presset dernest enda hardare frå kristenfolket? Både Bisperåd og Menighetsfakultet gjekk ut og fleire sterke enkeltpersonar. Bondevik vart pressa enda eit hakk lenger. Det hadde blitt slutten av januar. Dei fleste av oss trudde at krigen var like rundt hjørnet, men vi var framleis usikre på kva slags rolle vårt eige land skulle ha.

Nødvendig FN-mandat

- FN-mandat er nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg, sa Bondevik så den 23. januar. Altså vurderte statsministeren nå det samme som Tyskland hadde erklært: Sjølv om Sikkerheitsrådet skulle gi klarsignal, ville dei ikkje gå med.

Angsten i Europa handla mest av alt om dette eine: Ville ein militæraksjon mot Irak føre til auka terrorfare? Så lenge FN-inspektørane ikkje fann dei påståtte våpna, ville ikkje da ein militæraksjon bli oppfatta som ein provokasjon av fleire enn Saddam Hussein? Og særleg blant dei som frå før hadde ein annan agenda enn å skape fred og internasjonalt samarbeid?

Nå i ettertid har vi kanskje meir enn dobbel grunn til å takke Bondevik for at han landa som han gjorde. Kanskje hugsar han ikkje kor lenge han venta og kor mye han vakla, men kva gjer vel det når han landa?

Kanskje angra Bondevik litt den 10. april 2003 da dei store avisoppslaga kom, somme med jubelmanipulerte bilder, men alle med store krigstypar: ”TAKK for at dere kom” (Dagbladet) og ”Irak jubler” (Aftenposten). Tenkte Bondevik på om det nå etter denne vellykka invasjonen skulle vise seg å dukke opp skumle våpen, ja så burde vi kanskje ha vore med?

Nå viste våpna seg å vere meir definitivt borte enn det Saddam Hussein var. Men da jubelen kom over den tilfangetatte og audmjuka diktatoren, hadde det i mellomtida blitt stadig meir å gråte over. Nå har vi snart ikkje tårer igjen. Bagdad har blitt eit synonym for likhus, drill eit synonym for tortur.

"Unamerican"

Amerikanske handlingar viste seg heller ikkje å vere særleg amerikanske, slik dei arta seg i Abu Ghraib for eksempel. Og kven vil vel erkjenne at vi nesten let oss overtale av ein smilande Rumsfeld nå når han er vraka? Ingen som vil be om unnskyld i alle fall. Det får halde at Rumsfeld sjølv måtte seie det etter Abu Ghraib-oppvasken.

- Det var ikkje meininga, sa han, og det var ”unamerican”. Uamerikansk. Stort verre kan det vel ikkje bli. Det måtte i så fall vere på Guantànamo.

For terroristar er det jo etter kvart mange nok av i Irak. Rett nok ville ikkje Saddam Hussein ha noko med Bin Laden å gjere, fyren var han litt for religiøs den gongen før 11. september. Men seinare har det blitt slik at Saddam Hussein roper på Allah og Irak fostrar nye Al Qaida-celler. Kva har vel ikkje koalisjon under britisk-amerikansk leiarskap fått til. Nå manglar berre den store sjia-alliansen som kan alliere presteskapet i Iran og Hizbollah med det koalisjonsstøtta sjia-fleirtalet i Irak. Så vidt eg kan skjøne blir det jobba hardt med saka, om ikkje nødvendigvis frå britisk-amerikansk side.

Talet på tapte menneskeliv er til dagleg så høgt at summen set Saddam Hussein i skyggen. Ingen kan erstatte dei nesten tre tusen som vart drepne da tvillingtårna rasa saman, ingen kan heller erstatte dei over tre tusen som KVAR MÅNAD blir drepne i Irak. Har nokon ansvaret? Og kven skal skrive historia? Truleg ingen som syns dei har noko å be om orsaking for.

Dei siste dagars forgjengelege fakta får vi presentert frå Storbritannia – og igjen går statsminister Tony Blair god for at dei skremmande tala er sanne:

1600 er mistenkte for å ha planlagt store terrorhandlingar, somme skulle ha sprengt børsen i New York, andre hadde planar om handlingar av større art i London. Mange aksjonar skal ha blitt avverga.

Eg har eit spørsmål som eg gjerne vil stille Blair:

Kvifor har Storbritannia slike vanvittige terrorplager om dei har hatt ein korrekt analyse av terrortrusselen sidan 11. september og etter Irak-invasjonen? Og har Irak-krigen gjort situasjonen bedre?

Det siste spørsmålet slepp eg heldigvis å stille Bondevik og Petersen til ansvar for. Det kan vi alle vere glad for.

SISTE NYTT

Siste nytt