Hopp til innhold

Kan ”sexy” pengeplassering redde klimaet?

Kan nytenkning og ”sexy” investeringslyst redde miljøet? Ja, meiner eit gründermiljø som snur ryggen til klimasutring og tenker nytt, seier Sigrun Slapgard i P2-kommentaren.

KOMMENTAR: Sigrun Slapgard
Foto: NRK

Ein heil liten revolusjon er på gang, skal vi tru ildsjeler i California.

Framtida høyrer til dei som har tru på det vakre i draumen sin, sa ein gong Eleanor Roosevelt. Den gongen for over femti år sidan handla det om kampen mot fattigdomen og ha tru på at ein kunne skaffe seg eit levebrød.

Nå ser det ut som ein ny slags draum tar form i Eleanor Roosevelt sitt heimland. Dei som snakkar mest om framtidshåp og ein vakker draum og bruker dei gamle orda til førstedama, er ein gjeng nerdar og vellykka forretningsfolk. Somme har vore leiande i datateknologi i Silicon Valley, andre i finansverda. Atter andre er Petter Smart-typar som likar å tenke nytt.

Revolusjon i nytenkning

Alle har dei ein ting til felles: Dei er lei av sutring. Det gjeld for eksempel Yahoo-gründer Ron Pernick og kollegaen Clint Wilder som har skrive boka med tittelen ”The Clean Tech Revolution” – ein miljøteknologisk revolusjon, i tilnærma omsetting . Boka handlar ikkje berre om teknologi, men kanskje aller mest om investeringslyst og nytenkning. Slik desse ildsjelene ser det, handlar det mest av alt om at pengestraumen går i ein ny retning: ”Nye fornybare energikjelder er eit aukande attraktivt segment å investere i,” som det heiter på analysespråket i finansverda.

Men ”clean tech” – eller miljørein teknologi – blir definert vidare enn fornybar energi: Alle produkt og tenester som kan framskaffast ved hjelp av fornybar kraft og ressursar, og ikkje minst alle produkt som fører til mindre avfall og helst er utan forsøplingsfare. Forretningafolka som ser at dette kjem for fullt, deler områda inn i fire sektorar: Transport, energi, vatn og materialbruk. Analyseselskapet Clean Edge trur det vil bli investert meir enn 700 milliardar kroner berre i nye fornybare energikjelder og energibærbare prosjekt dei neste åtte åra.

Inspirasjonskjelder for dei som nå styrer sine store pengesummar inn i nye retningar, kan vere enkeltmenneske som Matias Tobias. Han var sjef for Microsoft og har markert seg som entreprenør for ny teknologi. I eit Amerika som nærmast bur i bilar, og som oftast av det mest forureinsande slaget, har eks-sjefen i Microsoft gått motstrøms og satsa på utvikling av biodiesel. – Eit forretningskonsept han er sikker på har framtida for seg.

Og Matias Tobias er ikkje den einaste leiande amerikanaren som har overraska den siste tida: Den tidlegare CIA-direktøren James Woolsey er blitt nærmast ein aktivist i sitt arbeid for ny miljøteknologi. Eit hovudmotiv er at USA skal bli mindre avhengig av utanlands olje og gass. Som CIA-sjef veit han sikkert meir enn godt kva oljesuget kan føre til.

Dei som tenker nytt i Amerika lar seg også inspirere av byar som København, der er nå tjue prosent av elektrisitetsbehovet dekka av vindkraft. Men også amerikanske byar som Chicago er leiande på felt som såkalla ”grønne” bygningar, dvs energisparebygg med ny miljøteknologi både for oppvarmings-og kjøleanlegg. I tillegg er Freiburg i Tyskland, Hyderabad i India og Shanghai i Kina ambisiøse i si jakt på gode miljøløysingar og ny teknologi. Alle desse byane har ei rivande utvikling.

Pengar å tene

Argumentasjonen frå miljøoptimistane høyrest ut som eit godt råd for sparepengane våre. Alt av miljøsatsing er ei vekstnæring med enormt potensiale. Målt i pengar er det store sjansar for ei firedobling av omsetninga frå biobrensel, solenergi og vindkraft innan 2015, blir det hevda.

– Veksten på desse områda vil vere på rundt 30 prosent årleg. Det liknar på PC-industrien på åttitallet, seier bokforfattar og gründer Ron Pernick.

Ein kan kanskje lure på om optimist-analysene set pengar eller miljø først. Og om ein god forretningsidé kan vere nok for å løyse våre store og raskt veksande miljøproblem? Viss motivasjonen berre er å tene pengar, så er vel ingen forretningsmann villig til å betale den ekstra kostnaden om ikkje reknestykket går opp totalt sett?

Ei sak er at bilindustrien i dei mest oppdaterte landa nå legg raskt om til hybrid-bilar og el-kjøretøy, men ingen trur vel at bilindustrien tenker noko anna enn forteneste? Å vere med å betale rekninga for skaden den nåverande bilparken gjer, vil vel truleg verken Toyota, BMW eller Volvo.

Tru på høgteknologi som svar på klodens miljøsmerter – ein vinnande forretningsidé mot skremmeargumenta til miljørørsla: Dette er snarare menn i slips enn mjuke, grønne damer i cordfløyel og gamle lilla skjerf. Dette er aggressiv satsing snarare enn snille smil og stille protestdyrking av økologiske grønsaker. Kvifor har ikkje Norge eit ønske om å vere leiande og konkurrere med denne offensive California-gjengen?

Vi som likar å tru at vi er verdsmeister i alt frå miljø til fred, men knapt får til søppelsortering: berget vårt veks og sjølv stryk vi med mens vi sit i eksoskø, NSB er som krøpling å rekne – og alt vi ellers måtte ha av fornybare ressursar i landbruk og drifta av vårt langstrakte land er sløsa bort i stivna tenkemåte. Mens andre som ikkje har olje har privilegiet av å bli tvinga til å tenke nytt, er det visst ingen her til lands som kjenner slik tvang. Sverige har som mål å klare seg utan olje innan 2020. Vi som skal leve feitt av olje, kjenner kanskje berre angst?

Om varme og kulde alltid har skifta opp gjennom tidene – ingen kan vere i tvil om at vi står ved eit avgjerande skille for framtida på kloden vår. Kva vil dei som ser tilbake på oss om femti år tenke om det vi gjorde/ikkje gjorde? Vi som hadde alle sjansar, all slags teknologisk kunnskap, og i teorien – i alle fall – innsikt nok til å vite og skjønne at å drive rovdrift på ikkje fornybare ressursar berre går til eit visst punkt. Til og med gamle

Ronald Reagan hadde skjønt dette. Han rakk å seie eit par kloke setningar før han forlet oss: ”Viss det ikkje blir vi som satsar, kven blir det da? Og viss ikkje nå, når kan det da bli?”

Avgjerande haust

Denne hausten blir avgjerande for å redde klimaet, sa Jens Stoltenberg før han denne veka reiste til FN og toppmøter i New York. Han fokuserer aktivt på det andre må gjere og særleg vertslandet USA som ikkje har skrive under Kyoto-avtalen. Vi har akkurat fått ein ny rapport som kan fortelle at den førre illevarslande prognosen til FNs klimapanel var alt for forsiktig; Havisen smeltar i eit langt høgare tempo. Her heime er vi prega av ordkrig og prinsipprytteri mellom markeringskåte parti. Er det ingen som har skjønt alvoret?

Likevel: eg syns vi skal tillate oss eit lite optimistisk smil her vi sit på sidelinja og ventar på eit tog som aldi kjem. Rett nok bur vi i miljøsinka Norge, men det er jo ikkje berre California som har driftige forretningsfolk som tenker pengar. Kanskje kan vi håpe på ein Røkke-type for miljø og klima; at driftige, initiativrike günderspirar tenker raskare nytt enn våre politikarar. Og for den saks skyld: At miljørørsla bruker meir krefter på nytenkning enn på svartmaling.

Kjelder:

 

 

 

 

 

Pernick/Wilder: ”The Clean Tech Revolution”, 2007 www.cleanedge.com 
Global Status Report 2006: www.ren21.org

 

SISTE NYTT

Siste nytt