Hopp til innhold

Nyfødd baby kidnappa av tre menn i Stockholm

Ein nyfødd baby vart stole frå nyføddavdelinga ved Huddinge sjukehus, sør i Stockholm. Ein nær pårørande vart raskt mistenkt, og babyen vart funnen igjen etter kort tid.

Huddinge sjukhus

Huddinge sjukehus, sør i Stockholm.

Foto: Fredrik Sandberg / Tt / NTB scanpix

Det er Aftonbladet som melder om at svensk politi leita etter det nyfødde barnet som vart kidnappa på Huddinge sjukehus.

Ein nær pårørande mann tok med seg barnet og forsvann i ein taxi saman med to andre menn.

Barnet var fødd for tidleg, og difor var det ekstra viktig å få tak på barnet så raskt som mogleg, slik at det kan få den oppfølginga den treng på sjukehuset.

To personar er arresterte av politiet, og babyen er tilbake hos si mor på sjukehuset.

Huddinge

SISTE NYTT

Siste nytt