Vi kan vente meir uver i åra som kjem på grunn av raske klimaendringar. (Foto: NRK)
Rapporten målar eit framtidsbilete med høgare temperaturar og stigande havnivå. Landbruket får store problem mange stader, og vatn blir mangelvare.
Rapporten er klar i sine konklusjonar:
Atmosfæren blir oppvarma raskare enn ein tidlegare trudde, og prova på at det er menneska som er skuld i dette blir sterkare og sterkare.
Tiltals millionar menneske kan bli tvungne til å flytte frå lågtliggjande område fordi havnivået stig.
Endringane dei neste 100 åra blir langt meir alvorlege enn det vi har sett dei siste 100 åra.
Alarmklokker
-Den vitskaplege semja omkring denne
rapporten bør få alarmklokkene til å ringje hos regjeringane i alle land, og i alle lokalsamfunn i verda, sa sjefen for Shanghai-konferansen, Klaus Topfer, til journalistar etter konferansen i natt norsk tid.
Topfer meiner det hastar å få til eit samarbeid mellom privat og offentleg sektor for bruk av reine og fornybare
energikjelder. Samstundes må vi førebu oss på følgjene av klimaendringar.
Rapporten frå IPCC har samla alle dei viktigaste forskingsresultata frå dei siste tre åra på dette området. Konklusjonen er at mykje av den skaden som naturen er påført, ikkje er mogleg å rette opp.
Konsentrasjonen av karbondioksyd i atmosfæren har auka med 31 prosent sidan 1750. Ein så kraftig auke har tidlegare aldri skjedd i løpet av ein periode på 20 000 år. Nivået i dag er høgare enn nokon gong dei siste 20 millionar åra, heiter det i rapporten.
Karbondioksyd
Karbondioksyd er den viktigaste av gassane som fører til global oppvarming. 75 prosent av denne gassen kjem frå såkalla fossile brennstoff, til dømes alle typer oljeprodukt. Dei resterande 25 prosenta kjem som følgje av avskoging.
Sidan 1950 har snittemperaturen på jorda stige med ein grad kvart tiår, med 1990-talet som det varmaste tiåret og 1998 det varmaste året sidan 1861.
Nye analysar viser at 1900-talet var det varmaste århundret på den nordlege halvkula dei siste 1000 åra. Dei stigande temperaturane vil føre til nedgang i produksjonen av matvarer i tropiske og subtropiske område. Dette er område som alt i dag har matmangel.
Ekstreme verfenomen som til dømes El Nino vil bli meir og meir vanleg, det same blir enorme nedbørsmengder og ekstrem tørke.
Nedbøren vil auke, særleg i nord, men dei regionale variasjonane vil vere store. Tørre område blir truleg endå tørrare.
Golfstraumen
Dei fleste modellane frå klimaforskarane tyder på ei svekking av Golfstraumen, som transporterer varmt vatn til nordlege farvatn. Men temeperaturauken på grunn av klimaendringane vil det næraste hundreåret meir enn oppvege svekkinga av Golfstraumen, meiner klimapanelet. Om temperaturauken held fram vil truleg Golfstraumen stanse heilt opp etter år 2100.
Vitskapsmennene bak rapporten meiner vi kan vente oss ein temperaturauke på jorda dei neste 100 åra på mellom 1,4
og 5,8 grader celsius. Havnivået vil stige mellom ni centimeter og 88 centimeter.
Dette er nok til å øydeleggje fleire viktige økosystem. Om havtemperaturen stig med ei grad er det nok til å øydeleggje korallreva.
Flate øyområde, slik som til dømes Maldivane i Det indiske hav, får heile sin eksistens trua.
I det komande århundret er det framleis fossile brennstoff som vi føre til auken av karbondioksyd i atmosfæren.
Rapporten konkluderer med at land som Kina, som prioriterer økonomisk vekst og kamp mot fattigdom høgast, kjem til å
bli verst ramma av klimaendringane.
Millionar på flukt
I løpet av dei komande 100 åra kan det bli så ille at fleire titals millionar menneske må flykte frå lågtliggjande område i China, Bangladesh og Egypt. Mange øyer kan forsvinne i havet, andre kan få store problem med å oppretthalde næringsgrunnlaget og busetnaden.
Rapporten som no ligg føre er den mest omfattande nokon gong, og det synest klart at klimaendringane skjer raskare
enn ein tidlegare har trudd.
Det står att å sjå om denne rapporten vil få fortgang i arbeidet med å få til ein internasjonal klimaavtale.
Haag-konferansen braut saman på grunn av usemje mellom USA og EU. Spørsmålet er om denne nye, skremmande rapporten er nok til å få fortgang i dette viktige arbeidet.