Hopp til innhold

Norwegian-fly var forseinka i fire døgn: – Folk er rasande

På Oakland flyplass i nærleiken av San Francisco sat over 250 passasjerar og venta på eit Norwegian-fly i fire døgn. Passasjerar fortalde NRK om mytteristemning, men i natt letta endeleg flyet.

254 passasjerar ventar framleis på å få reise heim.

254 passasjerar ventar på fjerde døgnet på å få reise frå USA.

Foto: Privat

Norwegian sitt Dreamlinerfly med flightnummer DY7164 som skulle ta over 250 passasjerar frå San Francisco til Oslo lufthamn på søndag fekk tekniske problem og vart kansellert.

Fire døgn etter venta passasjerane framleis.

  • OPPDATERT ONSDAG MORGON: Norwegian melder at flyet letta frå Oakland, klokka 03.10 natt til onsdag, og kjem til å lande på Gardermoen 14.10, etter ei mellomlanding på Island.

Passasjerar NRK har snakka med seier at flyet har blitt kansellert og sett opp på ny ei rekkje gonger.

– Dreamlineren hadde tekniske problem og vart utsett fleire gonger, men vi fekk beskjed frå flyselskapet i går at dei hadde fått inn eit erstatningsfly som skulle ta oss heim i dag klokka 09 lokal tid, fortel passasjer Paal-Gunnar Mathisen på telefon frå flyplassen.

Klokka 08.30 tysdag morgon kom kontrabeskjeden; det var oppdaga ein teknisk feil på erstatningsflyet. I tillegg hadde arbeidstida til dei kabintilsette gått ut, fortel Mathisen.

Paal-Gunnar Mathisen

Paal-Gunnar Mathisen har venta på flyet i 70 timar. Han fortel om rasande og oppgitte passasjerar.

Foto: Privat

– Det er nærast opprørsstemning

Mathisen fortel at det rådde ei fortvilt stemning over passasjerane som sat i avgangshallen og venta.

– Vi har vel fått 6–7 meldingar på mobilen om ulike tidspunkt hittil. I dag hadde vi faktisk eit håp sidan vi fekk eit erstatningsfly. Så kom dette på tampen av alt. Det er nærast opprørsstemning.

Han seier at dei no har fått tilbod om pengane tilbake, men at det vil vere vanskeleg å kjøpe ny billett no då det vil koste altfor mykje.

– Eg vil berre heim. Vi har ikkje fått tilbod om ombooking heller. Dette er kritikkverdig på alle måtar, seier ein tydeleg oppgitt Mathisen.

– Vi forstår frustrasjonen

Norwegian beklaga tysdag situasjonen på det sterkaste. Dei sa at dei jobbar på spreng med å få passasjerane til Noreg.

Charlotte Holmbergh Jacobsson

Presseansvarleg i Norwegian, Charlotte Holmbergh Jacobsson, seier dei jobbar på spreng med å få passasjerane til Noreg.

Foto: Norwegian

– Det som har hendt er veldig trist, og vi forstår godt at passasjerane er sine, seier presseansvarleg i Norwegian, Charlotte Holmbergh Jacobsson.

Dei sjekkar ut løysingar så raskt som mogleg, og seier det er uakseptabelt at det skal ta så lang tid før passasjerane får reise heim.

– Vi sender ut informasjon så snart vi veit meir. Men vi har ikkje noko eksakt tidspunkt for når vi har eit fly klart for avgang, seier Jacobsson.

Onsdag kom altså løysinga. Passasjerane vart sett på eit fly til Keflavik på Island, der dei vil mellomlande og bli møtt av eit fly frå Norwegian. Deretter vil dei lande i Gardermoen onsdag ettermiddag.

Tavla viser nye forseinkingar

Flyet som skulle reise frå San Francisco på søndag står framleis på bakken i USA.

Foto: Privat

Eit øydelagt filter

Norwegian seier at erstatningsflyet hadde eit filter som måtte bytast ut. Ho stadfestar også opplysningane frå passasjerane om at kabinpersonellet måtte ha kviletid.

– Det vert jobba med å reparere flyet. Det er frykteleg kjedeleg å verte råka av tekniske problem, men det kan skje alle flyselskap. Men det er sjølvsagt ikkje greitt at det tek så lang tid, seier Jacobsson.

SISTE NYTT

Siste nytt