Hopp til innhold

Norske mannskap redda kvinne ut frå ruinane

KATMANDU (NRK): Norsk redningsmannskap har i ettermiddag henta ut ei 24 år gammal kvinne som er i live frå ruinane i hovudstaden Katmandu.

Norske redningsarbeidere i Nepal redder kvinne

Krishna Kumari Khadka blir redda ut av ruinane av norske, franske og israelske redningsarbeidarar.

Foto: NAVESH CHITRAKAR / Reuters

Mannskap frå det norske søk- og redningslaget Norsar arbeidde i eit område nær sentrum av Katmandu då dei høyrde rop frå ruinane. Ut over ettermiddagen har dei jobba med å grave ut kvinna, som låg fastklemd under restane av eit øydelagt hus. Nordmennene har delteke i arbeidet saman med mannskap frå Israel og Frankrike.

Mannskapa hadde vore på staden tidlegare på dagen, og kom i ettermiddag tilbake for å halde fram søket. Dei norske hundane Mir og Gere markerte eit funn, og kvinna blei seinare funnen. Seint i ettermiddag blei kvinna henta ut i live, og frakta til sjukehus i ambulanse.

Kvinna arbeidde på kjøkenet på eit vertshus like ved funnstaden. Ho blei funnen saman med ein annan person. Vedkommande blei erklært død av lege.

Tidlegare torsdag blei ein 15 år gammal gut funnen i ruinane av eit gjestehus i Katmandu.

To lag frå Norsar deltek i søket i hovudstaden Katmandu. FN koordinerer arbeidet og delegerer oppgåvene.

Det er fem døgn sidan jordskjelvet. Nepalske styresmakter melder no i ettermiddag at 5844 menneske er stadfesta omkomne. 11.175 er skadde etter jordskjelvet. Skjelvet hadde ein styrke på 7,8.

Ifølgje FN har 4,2 millionar menneske akutt behov for vatn og helsehjelp. 1,4 millionar treng mat, og ein halv million søv framleis under open himmel.

FN har bedt det internasjonale samfunnet om 415 millionar dollar, tilsvarande 3,1 milliardar norske kroner, til gjenoppbygginga av landet.

Den norske redningshunden Gere leter i ruinene i Katmandu i Nepal

Den norske redningshunden Gere leitar i ruinane. Det var denne hunden, som saman med hunden Mir, markerte funn i leiteområdet i dag.

Foto: Stig Jaarvik / NRK

SISTE NYTT

Siste nytt