Dei norske jagarflya som har vore i Libya i dag, har ifølgje Forsvaret skote med laserstyrte bomber mot mål på bakken.
Her klatrar piloten ut frå det eine av jagarflya som var med på operasjonen i Libya i dag.
Foto: Lars Magne Hovtun, Forsvarets Mediesenter / Forsvaret
Seniortalsmann John Espen Lien ved Forsvarets operative hovedkvarter.
Kvarving seier sivile liv ikkje har gått tapt.
– Våre mannskap er godt trente og godt utdanna. Dei tek seg, om dei kan det, god tid for å forsikre seg om at det ikke er noen sivile i nærheten av målene, seier han.
Kvarving har sjølv sett eit videoopptak av operasjonen, og seier det ikkje var sivile nær målet.
– Ikkje eit mål å drepe
Seniortalsmann John Espen Lien ved Forsvarets operative hovedkvarter seier operasjonen var det nødvendig for å kunne oppretthalde FN-resolusjonen som er bestemt over Libya.
– Målet var ikkje å drepe. Målet var å øydeleggje desse stridsvognene. Korleis operasjonen har gått, må vi kome tilbake til, seier Lien.
Han strekar under at våpenbruk er nødvendig, og at den norske styrken gjer det som er bestemt av den internasjonale styrken.
– Dette var ikkje uventa, og norske fly kjem til å bli kalte ut til nye oppdrag. Dei inngår i operasjonen og får tildelt oppdrag ut frå tilgjengelegheit og behov, seier Lien.
Forsvaret vil ikkje seie nøyaktig kvar operasjonen skjedde. Oberstløytnant Bård Reidar Solheim seier i eit videointervju at bomber er ein del av operasjonen for å stanse overgrep mot det libyske folket.
Høyr NRK-reporter Halldor Asvall rapportere frå Kreta:
Amerikansk kommando
To gonger tidlegare har norske fly delteke i den internasjonale operasjonen for å oppretthalde flyforbodet over Libya.
Både
og var norske jagarfly på tokt over Libya, men skal ikkje ha angripe mål. Forsvaret sa etter desse tokta at dei ikkje brukte våpen, men var elles lite villege til å gi opplysningar om oppdraget.Noreg har seks F-16-fly i den internasjonale styrken som skal handheve flyforbodet i deler av Libya i operasjonen «Oddesey Dawn».
Forsvarssjef Harald Sunde har tidlegare stadfesta overfor NRK at norske fly er utstyrte med våpen både for å skyte ned mål i lufta, og for å treffe mål på bakken.
Onsdag bestemte regjeringa at de norske styrkane skal vere
.I dag har også to jagarfly frå Qatar delteke i sin første operasjon over Libya, ifølgje nyheitsbyrået AFP. Dei vart følgde av to franske jagarfly, som ein del av den internasjonale operasjonen, ifølgje fransk militære.
- Les:
Norske jagarfly var også natt til fredag i bruk over Libya.
Foto: Scanpix