Hopp til innhold

Norsk prest reiser til Sør-Korea etter halloween-tragedien

Den norske sjømannspresten Hilde Sirnes reiser til Seoul for å hjelpe dei over 100 norske studentane i landet etter halloween-ulykka der éin nordmann omkom.

Hilde Sirnes, norsk sjømannsprest

Sjømannsprest Hilde Sirnes drar til Seoul for å hjelpe norske studentar etter ulykka under halloween-feiringa i Sør-Koreas hovudstad.

Foto: Martin Fønnebø / NRK

Hilde Sirnes frå Flekkefjord som er sjømannsprest for mellom andre norske utanlandsstudentar, reiser til Seoul. Der skal ho hjelpe nordmenn som er råka av tragedien som skjedde under feiringa av allehelgenskvelden i Sør-Koreas hovudstad.

Storparten av dei 153 som omkom i trengselen skal vere ungdommar og unge vaksne i 20-åra som laurdag kveld var på ute byen i det populære utelivsområdet Itaewon i Seoul.

Ifølgje Ansa, organisasjonen for norske studentar i utlandet, er det rundt 100 norske studentar i Sør-Korea for tida. I tillegg er mange norske bedrifter representerte i byen.

Sirnes håper å kunne samle dei norske som er ramma av tragedien så snart som mogleg.

– Eg veit at det i slike situasjonar er behov for å møtast. Målet er å prøve å få til ein samling for studentane allereie tysdag kveld, seier ho til NRK.

Hilde Sirnes, sjømannsprest for studenter reiser til Seoul for å bistå nordmenn

Sjømannsprest Hilde Sirnes reiser til Seoul for å hjelpe etter ulykka under halloween-feiringa i Sør-Koreas hovudstad.

Foto: Martin Fønnebø / NRK

Sirnes fortel at Sjømannskyrkja har ein avtale med mange bedrifter og med Ansa som gjer at dei forsøker å vere så raskt som mogleg på staden når tragedien rammar.

Saman i sorga

– Erfaringa vår er at når ein har opplevd noko som er så traumatisk som eg tenker at dette må ha vore, så er det godt å berre vere saman.

Det er godt å snakka sitt eige språk, og det er godt å vere saman med andre som og er råka, seier ho.

Det er i alt tre norske som reiser til Sør-Korea. I tillegg til Sirnes er det ein studentprest, og ein frå Sjømannskyrkja i Singapore. Det er ikkje avgjort kor lenge dei blir verande.

– Det veit ein aldri når slike ting skjer. Vi blir der så lenge det er behov. Eg reknar med at mange av dei norske kjenner fleire som er råka, og at dei har det vanskeleg no.

Ho fortel at Sjømannskyrkja har mykje erfaring når det skjer dødsfall som er brå og vonde. I slike tilfelle pleier dei å samle dei som er råka til felles samvær.

– Vi tenner lys og snakkar om dei som ikkje er her lenger, og deler bilete. Akkurat slik som me gjer når noko skjer i Noreg.

Les meir Norske Kine, Emilie og Stian hamna midt i kaoset

Kine Solberg Olsen og venner i Seoul

Stort behov for å snakke

Erfaringa hennar er at behovet er stort. Ho seie a det ofte er ekstra stort for unge og når det tar tid før ein kan vere saman med familien sin. Ofte yter Sjømannskyrkja og bistand til familien heime i Noreg.

Kanskje vi hentar dei på flyplassen og sjekkar at dei er tekne vare på. Ofte blir små ting som å velje et flysete vanskeleg fordi ein er så oppløyst i sorga.

Ho fortel at Sjømannskyrkja kvart år opplever situasjonar der at unge nordmenn har døydd i utlandet. Nokre gonger må dei bere fram dødsbodskap.

Det er aldri noko ein blir van med. Eg har sjølv barn i studentalder, og kan knapt førestille meg korleis det er å få beskjed om at barnet er i ei ulykke, er alvorleg skadd eller ikkje lenger er i live.

Hennar råd til nordmennene i Sør-Korea må ta vare på kvarandre, og vere saman og vise god omsorg.

Jobbar med å få oversikt

Det norske utanriksdepartementet stadfesta sundag morgon at éin norsk statsborgar er mellom dei omkomne. Ifølgje UDs pressetalskvinne Ane Haavardsdatter Lunde er dei pårørande varsla, men namnet på personen er ikkje offentleggjort.

Lunde stadfestar at dei har vore i kontakt med fleire nordmenn i løpet av helga. Den norske ambassaden i Seoul jobbar med å få fullstendig oversikt.

Dersom du er i Seoul og trenger bistand, kan du kontakte UDs operative senter på telefon +47 23 95 00 00 eller e-post 247@mfa.no.

– Vi oppfordrar norske borgarar i Sør-Korea til å ta kontakt med familie og vener som kan vere urolege, seier Lunde til NRK.

Kart over området der 153 menneske mista livet i Seoul.

SISTE NYTT

Siste nytt