Hopp til innhold

Nobelprisvinnar i økonomi: – Har Trump-økonomien møtt veggen?

1000.000.000.000 dollar, det tilsvarande av Australias brutto nasjonalprodukt, har fordufta på Wall Street etter nedgangen måndag. Økonomen Paul Krugman lurer på om «Trump-økonomien» har møtt veggen.

A man walks past a screen displaying news of markets update inside the Bombay Stock Exchange (BSE) building in Mumbai

Sjokkbølgene spreier seg i morgontimane til børsane verda rundt.

Foto: Danish Siddiqui / Reuters

I morgontimane har Tokyobørsen falle med 7 prosent, etter at Wall Street i går hadde sitt største fall målt i poeng sidan finanskrisa i 2008.

Fallet tilsvarar Australias bruttonasjonalprodukt skriv den tyske økonomijournalisten Holger Zschaepitz på Twitter, og Bloomberg meiner at det nulla ut investeringane som vart gjort i etterkant av republikanarane sine skattekutt.

Laster Twitter-innhold

Krugman: – «Trump-økonomien» fall 666 poeng fredag

USA-ECONOMY/KRUGMAN Nobel Prize winning economist Krugman speaks during an interview in New York

KORREKSJON PÅ VEG: Økonomen Paul Krugman meiner Trump har lova for mykje og at marknaden er noko overprisa.

Foto: BRENDAN MCDERMID / Reuters

Sjokkbølgene spreier seg i morgontimane til børsane verda rundt, og den liberale nobelprisvinnaren i økonomi, Paul Krugman, spør i spalta si i New York Times, om den økonomiske politikken til Donald Trump no har møtt veggen.

Han understrekar at aksjemarknaden ikkje nødvendigvis speglar realøkonomien, og at børsfallet ikkje treng bety noko som helst.

Laster Twitter-innhold

Og Krugman avviser konspirasjonsteoriar som at årsaka til at Dow Jones indeksen fall med 666 poeng førre fredag, har nokon mystisk link til Trump-svigersonen Jared Kushner si uheldige investering i skyskraparprosjektet «666 Fifth Avenue».

Laster Twitter-innhold

– Trump har lova for mykje vekst

Men likevel, bør ein no ta eit veldig hardt blikk på framtida til den amerikanske økonomien. Og Krugman meiner at den økonomiske veksten dei neste ti åra ikkje vil vere 3 prosent slik Trump-administrasjonen hevdar, meir i retning av halvparten.

Baby-boomer generasjonen er i ferd med å pensjonere seg, samtidig med ein skuffande vekst i produktiviten, kan dette tyde på at økonomien berre vil vekse halvparten så raskt som Trump har lova.

Samtidig er aksjeprisane historisk høge.

– Bortsett frå Bitcoin, så snakkar vi ikkje om ei subprime eller dot-com krise, men mykje kan tyde på at risikoaksjar er overprisa, og at ei normalisering av desse prisane kan bli ein smertefull prosess, skriv Krugman.

Laster Twitter-innhold

På veg mot krise?

Krugman trur det er for tidleg å seie om børsfallet ber bod om dårlege tider, men Trump-kritikaren hevdar den noverande amerikanske finansministeren, Steven Mnuchin, ikkje er rette mann til å handtere ei eventuell krise.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt