Hopp til innhold

Minnemarkering for Kennedy i Dallas

Klokka 12.30 22. november 1963 fall skota frå taket av bygningen til Texas School Book Despository, som tok livet av president John F. Kennedy.

På dagen 50 år etter at de fatale skuddene falt i Dallas, minnes USA sin president John F. Kennedy.

SE DIREKTE: Følg minneseremoni for John F. Kennedy i Dallas.

Skota i Dallas for 50 år sidan i dag skaka ei heil verd. Den populære og energiske presidenten, eit ideal for unge menneske i store delar av den vestlege verda, vart brutalt teken ut av tida.

Dette er første gongen USA markerer årsdagen for at John F. Kennedy vart myrda. Det er ei enorm interesse for det som skjedde i dag for 50 år sidan. Publikum har delteke i loddtrekking for å få plass under minnemarkeringa saman med spesialinviterte gjestar.

600 journalistar frå heile verda er på plass i Dallas for å følgje med det som skjer på 50-årsdagen.

SISTE NYTT

Siste nytt