Utanriksdepartementet har i lengre tid jobba strategisk med sitt store prestisjeprosjekt. Dei vil ha Noreg inn i verdas viktigaste råd, FNs tryggingsråd.
Ved utgangen av 2018 hadde utanriksdepartementet brukt 12 millionar kroner på alt frå mansjettknappar til lanseringsfestar. Det kjem fram i oversikta Utanriksdepartementet har gitt til media, og som dei har summert opp på sine eigne sider.
Det som derimot ikkje er medrekna er lønna til dei fem og ein halv stillingane som utelukkande blir brukt til kampanjen, som har ei samla årsløn på 3,5 millionar kroner. Og ikkje minst alle arbeidstimane som norske ambassadetilsette over heile verda må bruke på å drive valkamp.
I tillegg er det gjort store investeringar i ein ny ambassadørresidens og nye kontorlokale i New York.
Konkurrentane, Irland og Canada, er vanskelege å slå, og valkampen er difor i god gang sjølv om avgjersla først blir tatt i juni 2020.
1. Gåvedryss og vaflar i New York
FN-ambassadør Mona Juul og militær rådgjevar Ernst Egelid var med på å servere vaflar til FN-diplomatar på kvinnedagen, 8. mars.
Foto: Utenriksdepartementet Instagramprofil8. mars i år vart kvinnedagen feira over heile verda, og i FNs hovudkvarter gjekk norske vaffeljern varme.
Noregs FN-ambassadør, Mona Juul, har erfaring med kva effekt vaflar kan ha i diplomatiet. Ho er ein av arkitektane bak Oslo-avtalen, og under forhandlingane mellom Israel og den palestinske frigjeringsrørsla PLO vart det servert mykje vaflar. Dermed oppstod omgrepet «norsk vaffeldiplomati».
Tilsette ved Den norske FN-delegasjonen delte også ut vaflar i FN-bygget i november. Frå venstre Mariken Harbitz, Annemarta Mugaas og Isa Rama.
Foto: UtanriksdepartementetOg vaffeldiplomatiet kunne også diplomatar frå heile verda nyte godt av på kvinnedagen. Ambassadør Juul og fleire andre UD-tilsette serverte vaflar i FN-bygget i New York, kledde i forkle som har Noregs kampanjefarge - rosa.
Tanken bak er å vise at kvinnedagen er viktig for Noreg, og at kvinners rettar er ei hovudsak i kampen om eit sete i tryggingsrådet.
Gåver kunne diplomatane også få på valentinsdagen nokre veker tidlegare. Då var det «goodie bags», posar med små gåver, som venta FN-diplomatane. Og til påske hadde norske diplomatar gøymd påskeegg i hagen som ligg ved sida av FN-blokken, slik at andre diplomatar kunne gå og leite.
Desse påskeegga vart gøymde i hagen inne i FN-komplekset. Diplomatar kunne gå og leite etter litt påskesnop.
Foto: Norway UN på instagram2. Dei små detaljane
Det manglar ikkje på valkampmateriell i norske kampanjefargar, slik som buttons, drikkeflasker, mobilhaldarar og nøkkelband. Så langt har utanriksdepartementet brukt 4,5 millionar kroner på slikt materiell.
Fine mottakingar i Noregs heilt nye ambassadørresidens på Manhattan har det også blitt nokre av så langt, og både kronprins og utanriksminister var på plass då tryggingsrådskampanjen vart sett i gang.
Utanriksminister Ine Marie Eriksen Søreide og kronprins Haakon Magnus var til stades då tryggingsrådskampanjen vart sparka i gang i fjor.
Foto: Norway UN på instagramDet er dei små detaljane som skal gjere Noreg synlege i New York. Slik som kampanjelogoen som er eit vaffelhjarte, eller slips som er laga av tapetet i Tryggingsrådet, for tapetet er produsert på Biri på Hadeland.
Og sjølve tryggingsrådssalen er også litt «norsk», gitt i gåve til FN, og forma av Arnstein Arneberg som også står bak Oslo Rådhus.
Målet med alt er å få FN-diplomatar til å tenke at Noreg er ein betre kandidat til FNs tryggingsråd enn konkurrentane Canada og Irland.
Valentinsdagen i februar vart markert med utdeling av små posar med gåver til FN-diplomatar i New York. Her er fleire av dei tilsette ved FN-delegasjonen på veg ut med posane.
Foto: Utanriksdepartementet3. Dei viktige møta og lange reisene
9. februar. Erna Solberg er på toppmøte i Den afrikanske union i Addis Abeba, og legg ikkje skjul på at Tryggingsrådet står langt oppe på prioriteringslista under besøket.
– Alle reiser me gjer no har eit sideblikk på at me ønskjer å bli medlem av Tryggingssrådet, sa Solberg til NTB før ho reiste ned til Etiopia.
Utanriksminister Ine Marie Eriksen Søreide og statsminister Erna Solberg er ofte på reise for å promotere Noregs kandidatur til Tryggingsrådet. Både i New York, men også andre stader rundt om i verda.
Foto: Norway UN på instagramDer møtte ho statsleiarar frå kontinentet som kanskje er det aller viktigaste for Noreg i kampen om ein plass i Tryggingsrådet. Av dei 193 stemmene i FNs generalforsamling sit Afrika med 54 av stemmene.
Ein del land finst også i Stillehavet, og dit reiste både kronprins Haakon Magnus og utviklingsminister Dag Inge Ulstein saman i april. Dei globale tema «havvern» og «klimaendringar» stod høgt på agendaen.
- LES OGSÅ:
Også fleire andre reiser er gjort av sentrale norske maktpersonar, og i tillegg kjem dei mange reisene som norske diplomatar gjer, og ikkje påverknadsmoglegheitene som ligg i det daglege arbeidet ved dei mange ambassadane rundt om i verda.
4. Breva mellom statsleiarar
«Eg vil også legge til at støtte frå Den sentralafrikanske republikken til Noregs kandidatur for eit ikkje-permanent sete i Tryggingsrådet vil, sjølvsagt, vere veldig viktig for oss.»
Det er siste setning i eit brev signert statsminister Erna Solberg, adressert til president i Den sentralafrikanske republikk, Faustin-Archange Touadéra. Liknande brev har også kome i motsett retning, til Noreg.
Nigers president Mahamadouy Issoufou i samtaler med statsminister Erna Solberg under eit toppmøte i Den afrikanske union tidlegare i år. I Afrika er det 54 stemmer å hente for Noreg og dei andre landa som vil inn i Tryggingsrådet.
Foto: Samuel Habtab / APFleire av breva statsminister Erna Solberg, og hennar forgjengar Jens Stoltenberg, har mottatt er ganske direkte i tonen. Det er frå land som enkelt og greitt ønskjer seg ei stemme i den prestisjefulle kampen det er å få ein plass i Tryggingsrådet.
I brevet frå Solberg til den sentralafrikanske presidenten fortel ho om ein norsk delegasjon som snart skal på besøk til landet, og det blir nemnt at Noreg har gitt mange millionar i humanitær bistand til det fattige landet. Og til slutten er det altså også ei påminning om Noregs kandidatur.
5. Verdsmeister i bistand
Akkurat som brevet til leiaren i Den sentralafrikanske republikk vert bistand brukt som eit argument for eit norsk sete i Tryggingsrådet. Noreg ligg heilt i verdstoppen når det kjem til bistand, og likar å kalle seg ein «humanitær stormakt».
- LES OGSÅ:
Det blir det også lagt vekt på i kampanjen. Eit av hovudsbudskapa er at Noreg er ein «varig partnar», og at me er eit av to land i verda som gjev meir enn ein prosent av statsbudsjettet til bistand.
Noregs lange historie med å støtte menneskerettar, klimatiltak og fredsarbeid er også argument.
Utviklingsminister Dag Inge Ulstein og Kronprins Haakon Magnus snakka mellom anna om klima då dei besøkte Tonga og andre statar i Stillehavet i vinter.
Foto: Karen Setten / NTB scanpix5. Den norske «skrytelista»
Om Noreg skulle få ein plass i Tryggingsrådet, så er det neppe berre på grunn av god vaffelrøre eller rosa pennar. Men kanskje det er Noregs innsats som fredsmeklarar i ulike konfliktar som kan overtyde dei andre FN-landa om at Noreg fortener ein plass i Tryggingsrådet.
Konflikten mellom Israel og Palestina, Sør-Sudan, Colombia og Sri Lanka er berre nokre døme på krigar og konfliktar kor Noreg har spelt ei meklarrolle. Siste punkt på skrytelista er samtalane mellom partane i konflikten i Venezuela.
- LES OGSÅ:
At tidlegare FN-ambassadør, Geir O. Pedersen, har blitt FNs utsending til Syria skader heller ikkje Noregs fredsimage. Noregs fredsinnsats vert heva fram som eit av tre hovudpunkt for kampanjen
Også menneskerettar og kvinners rettar er viktige kulepunkt i Noregs plan for å vinne fram når valet skal gjerast under høgnivåveka i FN i juni neste år.
For, ja, sjølv om utanriksdepartementet har jobba mot målet sitt i fleire år allereie er det framleis eit heilt år igjen til alt skal avgjerast.