Hopp til innhold

Bombarderer kyrkjene med rakettar

Bombardering av kyrkjene med heimelaga rakettar er ein viktig del av påskefeiringa på den greske ferieøya Chios.

Bombarderer kyrkjene med rakettar

Slik markerer dei inngangen til førse påskedag på den greske øya Chios.

Foto: YIORGOS KARAHALIS / REUTERS

Bisarr påskefeiring på Chios

Det er i landsbyen Vrondados den noko bisarre tradisjonen har vorte halden i hevd sidan 1800-talet.

Det er to kyrkjesokn i byen og to kyrkjer. Heile året lagar innbyggjarane store mengder fyrverkerirakettar, noko som i seg sjølv kan vere farleg.

Så brakar det laust like før midnatt påskeaftan, som i den gresk-ortodokse kyrkjekalendaren var denne helga.

Fleire tusen rakettar blir skotne opp rundt midnatt påskeaftan.
Foto: YIORGOS KARAHALIS / REUTERS

Det blir skote fleire tusen rakettar mot dei to kyrkjene og bygningane rundt. Luftvernsirenane lyder mot nattehimmelen for å åtvare både dei lokale og turistane om at dette på ingen måte er ufarleg.

Dei som deltek på midnattsmessa ser på den spektakulære fyrverkerikrigen gjennom dei store glasvindauga i kyrkja.

Ingen vart skadd under rakettskytinga i år, men brannvesenet, som sjølvsagt er i full beredskap denne natta, måtte rykkje ut og sløkkje fire brannar.

Det hadde sikkert vore fleire om ikkje folk var så flinke til å montere tryggingsnetting på husa sine.

Som ein turist av turistane som fekk med seg denne heilt spesielle delen av påskefeiringa sa det: - Dette er sært!

Tradisjonen stammar frå den tyrkiske okkupasjonen av Hellas. Då brukte greske sjøfolk å avfyre kanonar for å markere påska, men dette likte ikkje okkuopanten. Dei var redde for at det skulle utvikle seg til væpna motstandskamp.

Då gjekk innbyggjarane i Vrondados over til heimelaga fyrverkeri, og sidan det har påskedag vorte innleidd med rakettar kvart einaste år.

Eit batteri av heimelaga rakettar klare til utskyting.
Foto: YIORGOS KARAHALIS / REUTERS

SISTE NYTT

Siste nytt