Hopp til innhold

Alle desse fire er no favorittar

Berre veker før den avgjerande prøveavstemminga i Iowa er det no så å seie likt mellom fire av dei republikanske presidentkandidatane i delstaten Iowa.

US-VOTE-2012-DEBATE-REPUBLICANS 130691343

Det er så å seie heilt likt mellom desse kandidatane i Iowa. Frå venstre: Ron Paul, Herman Cain, Mitt Romney og Newt Gingrich.

Foto: PAUL J. RICHARDS / Afp

I den siste meiningsmålinga, gjennomført av nyheitskanalen Bloomberg, er det i praksis no daudt laup mellom fire av dei republikanske håpefulle i nøkkelstaten Iowa.

Pizzakongen Herman Cain toppar lista med 20 prosent. Like etter kjem Texas-kongressmannen Ron Paul, som får 19 prosent av stemmene. Tidlegare storfavoritt Mitt Romney ligg no på 18 prosent, medan Newt Gingrich enda opp på 17 prosent.

Iowa er den første delstaten i USA som skal gjennomføre ein stor avstemming, ein såkalla caucus. Utfallet vil få ein stor påverknad på korleis den vidare presidentkampen blir.

Alt er ope

– Iowa har lenge vore ein kamp mellom Romney og ein annan. No er det fire personar som ligg an til å vinne, seier J. Ann Selzer som er president i meiningsmålingsbyrået Selzer & Co. som gjennomførte målinga for Bloomberg.

60 prosent av dei spurte svarar at dei framleis kan bli overtala til å støtte nokon andre enn dei gjer no. Alt kan dermed skje i delstaten som har ei svært viktig rolle i korleis valkampen blir vidare.

Målinga viser at det er dei økonomiske spørsmåla veljarane i Iowa er mest opptekne av. 71 prosent av dei spurte rangerer økonomi som sak nummer ein, medan sosiale spørsmål er viktigast for ein fjerdedel. Det kan vere ei forklaring på kvifor tidlegare favoritt Michelle Bachmann no ligg såpass lågt i målingane. Ho appellerer i stor grad til evangeliske veljarar oppteken av sosiale spørsmål.

Romney favoritt i New Hampshire

Den andre staten som har tidleg nominasjonsrunde er New Hampshire. Her er det mindre jamt enn i Iowa. I ei tilsvarande måling i denne staten ligg Mitt Romney inne som soleklar favoritt, med 40 prosent av stemmene. På andreplass ligg Ron Paul, med 17 prosent.

Utfallet i New Hampshire er også i stor grad avhengig av kva som vil skje i Iowa. Dersom ein annan kandidat enn Romney vinn i Iowa, er det sannsynleg at denne kandidaten vil oppnå momentum i New Hampshire.

Nominasjonsvalet i Iowa er planlagt å skje 3. januar 2012, medan primærvalet i New Hampshire vil skje 10. januar slik det ligg an no.

Den endelege presidentvalet vil skje 6. november 2012.

SISTE NYTT

Siste nytt