Hopp til innhold

Vil denne mannen avgjere alt?

Ein 76 år gammal politikar frå Texas kan i praksis avgjere kven som blir den neste presidenten i USA – dersom han vil.

USA-CAMPAIGN/REPUBLICAN U.S. Republican presidential candidate and Texas Congressman Ron Paul speaks during the American Principles Project Palmetto Freedom Forum in Columbia

I ei ny meiningsmåling fekk Ron Paul 18 prosent av stemmene i eit fiktivt race mot Obama og Mitt Romney.

Foto: CHRIS KEANE / Reuters

Ron Paul har skapt ein karriere ved å vere i mot status quo. Han er den som har stemt mest konservativt blant dei 535 medlemmene i den amerikanske Kongressen. Han er ein av dei aller største kritikarane til den amerikanske krigføringa. Han er ein sterk tilhengjar av den frie marknaden, og for legalisering av narkotika.

Dei ukonvensjonelle standpunkta gjer at han er uspiseleg for mange veljarar, men det har også ført til at han har fått den mest dedikerte tilhengjarskaren av alle presidentkandidatane.

Paul ligg stabilt på rundt 10 prosent på dei nasjonale målingane, og det er få som trur han vil ha ein sjanse til å vinne den republikanske nominasjonen.

Men amerikanske aviser har den siste tida spekulert i om Paul kan fortsetje presidentvalkampen – som uavhengig tredjepartikandidat. Skjer dette, vil 76-åringen i praksis kunne avgjere kven som får kontorplass i Det kvite hus.

Utfordrar frå venstre hjelpte Bush

NADER 2000

Mange påstår at kandidaturet til Ralph Nader i 2000 førte til at demokraten Al Gore tapte sigeren.

Foto: RICK BOWMER / AP

Førre gong ein kandidat fekk seriøs merksemd som utfordrar til Demokratane og Republikanerane var i år 2000. Advokaten Ralph Nader stilte då som kandidat for partiet Dei Grøne, og fekk 2,74 prosent av stemmene. Mange hevdar at dette var den direkte årsaka til at George Bush vann valet, fordi Nader stal stemmene frå demokraten Al Gore.

Dersom Ron Paul stiller som tredjepartikandidat vil han sannsynlegvis få langt meir enn 3 prosent av stemmene.

Ei ny meiningsmåling gjort av NBC og Wall Street Journal viser at Ron Paul hadde fått heile 18 prosent av stemmene dersom han hadde stilt som tredjepartikandidat mot Barack Obama og Mitt Romney.

Det unike med Ron Paul sine tilhengjarar er at ein finn dei over heile det politiske spektrumet. Han appellerer til libertarianarar med sterk tru på den frie marknaden. Han er likt av kristenkonservative fordi han ikkje vil at dei føderale styresmaktene ikkje skal vere involvert i abortspørsmålet. Men krigsmotstanden og synet hans på legalisering av narkotika gjer at han også appellerer til venstresida. Det er likevel hos Republikanarane han har sitt ideologiske grunnfeste, og det er her han vil stele mest stemmer.

Dersom Paul stiller som tredjepartikandidat vil dette sannsynlegvis vere ei gåvepakke utan like til president Barack Obama.

(artikkelen held fram under biletet)

US-121073269 Republican Candidates Vie For First Votes In Iowa Straw Poll

Ron Paul har ein fast og dedikert tilhengjarskare som ikkje vil stemme på andre republikanarar.

Foto: CHIP SOMODEVILLA / Afp

– Ingen intensjon

Så langt har Paul avvist alle rykta om å stille som tredjepartikandidat, men måten han har formulert seg på vitnar om at ingenting er fast bestemt.

– Det ville undergravd alt eg held på med. Eg er på tredjeplass no og gjer det svært bra. Så nei, eg stiller som kandidat i det Republikanske partiet. Men eg merkar at folket er veldig frustrerte. I New Hampshire møter eg fleire uavhengige veljarar enn republikanarar eller demokratar, sa han nyleg på nyheitskanalen Fox News.

Det du seier er at du ikkje vil utelukke å stille som uavhengig kandidat?

Vel, det eg seier er at eg ikkje har nokon planar om å gjere det.

– Vil du forsikre oss her og no om at du ikkje vil stille som uavhengig kandidat?

– Eg kan forsikre at eg har ingen intensjon om å gjere det.

Passar ikkje inn hos republikanarane

Politisk kommentator Brent Budowsky i det politiske tidsskriftet The Hill er ein av dei som trur det vil bli eit tredjepartikandidatur.

– Ifølgje mi meining er ikkje det republikanske partiet den naturlege staden å vere for Ron Paul. Han er alt for uavhengig, han er for stor motstandar av dei store korporasjonane, alt for libertariansk og ein svært stor trugsel til indre kjernen i det republikanske partiet.

Han trur ikkje det er usannsynleg at det vil stå Obama, Romney og Paul på valseddelen i november 2012.

– Debattane ville vere verd inngangspengane til finalen i Baseball-ligaen.

Politisk rådgjevar Layne Provine har derimot sine tvil om at Paul kjem til å velje vegen som uavhengig kandidat.

– Eg trur at Ron Paul, som dei fleste republikanske kandidatane, har lyst til å få Obama ut av det kvite hus til neste år. Men å stille som uavhengig kandidat vil ikkje føre til at ein når dette målet. Tvert i mot så vil han berre ta stemmer vekk frå den republikanske kandidaten.

SISTE NYTT

Siste nytt